Hopp til innhold

Usikre på kva vegar som kan opnast i dag

Rasfare og dårleg ver stenger fleire vegar no tysdag morgon. Og entreprenørane avventar betre tilhøve før dei kan opne vegane.

Vikafjellet Hestavollen

MYKJE SNØ: Slik såg det ut på Hestavollen på Vikafjellet tysdag morgon klokka 06.

Foto: Statens vegvesen

Mellom anna er det framleis stengd på riksveg 13 over Vikafjellet. Men det blir løpande vurdert om når og eventuelt om ein kan opne i dag.

– Vi er framleis usikre på det, men det blir vurdert utover føremiddagen, opplyser Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen til NRK.

I Balestrand går det no kriserute mellom ferjekaia i Holmen og Dragsvik, sidan vegen rundt Esefjorden er stengd grunna rasfare. Den vegen blir neppe opna i dag.

Klokka 08.25 tysdag morgon er situasjonen slik:

  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av fare for ras
  • Fylkesveg 50 Hol - Aurland var stengd grunna uver, blir opna for kolonne
  • Fylkesveg 53 Tyin - Årdal stengd på grunn av uver
  • Fylkesveg 55 Kjenesskreda - Esefjorden stengd på grunn av fare for ras
  • Fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrond fare for ras. NB! Ny vurdering klokka 10
  • Fylkesveg 152 Ulvastad - Menes fare for ras
  • Fylkesveg 92: Matre - Bjordal, fare for ras
  • Fylkesveg 333: Mørkridsdalen, midlertidig stengd fordi ein telekabel har falt ned ved Moen bru

Oppdaterte vegmeldingar finn du heile døgnet ved å klikke her.