NRK Meny
Normal

Desse vegane blir det satsa på

Store delar av E39 gjennom Sogn og Fjordane vil innan ti år ha gul midtstripe frå Lavik til Hornindal.

Liv Signe Navarsete

- Eg meiner det er grunn for folk i Sogn og Fjordane til å gle seg over Nasjonal Transportplan som eg skal legge fram i dag, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Gerd Elise Martinsen / NRK

Det er mellom nyhenda som kjem i Nasjonal Transportplan fredag. Sogn og Fjordane får kring 4,5 milliardar kroner til vegbygging dei neste ti åra.

DIREKTE: Regjeringen presenterer NTP klokka 12:00

- Heile tanken min min for NTP er å sjå større strekker i samanheng og prøve å få samanhengande god standard. Få mest mogleg gul midtstripe, så vi får trygg og god trafikk der vogntog kan møtast utan å bremse opp, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Satsing på E39

Mellom anna kjem det kring 2,5 milliardar kroner til E39 frå Lavik til Hornindal. Målet er gul midtstripe på store delar. Standarden på stamvegen har lenge vore eit diskusjonstema og vegen gjennom Førde har vore omstridd.

- Dersom planen blir følgd, så ligg det inne i planen at ein skal sjå heile E39 i samanheng frå Lavik ferjekai via Vadheim til Sande og Førde, Årdal - Skei, og Hornindal, men også i høve Kvivsvegen, seier Navarsete.

Video nsps_upload_2009_3_13_18_22_24_614.jpg

820 mill. til E16

I planen er det sett av nær ein milliard kroner til fullfinansiering av allereie den allereie påbyrja og etterlengta Kvivsvegen mellom Nordfjord og Sunnmøre. Det neste store løftet er E16 over Filefjell. Politikarane vil bruke 820 millionar på å ruste opp strekka Øye-Borlaug, med anleggsstart i første periode.

- Dette vil gjere Filefjell til ein nærast garantert vintersikker veg, seier Navarsete.

Video nsps_upload_2009_3_13_18_40_51_618.jpg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Får Hordaland-standard

Ingrid Heggø.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) meiner NTP inneheld langt meir midlar til Sogn og Fjordane, enn ho hadde våga å håpe på.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Regjeringskollega Ingrid Heggø (Ap) er godt nøgd med planen som vert lagt fram i dag. Både Navarsete og Heggø viser til opprusting av vegnettet nord og sør for fjordfylket.

- Når du køyrer frå Hordaland til Sogn og Fjordane, merkar du stor skilnad på vegstandarden når du kryssar grensa til Sogn og Fjordane. No kjem vi opp på Hordaland-standard. Og det er på tide, seier Heggø. Ho meiner at det er finanskrisa, meir enn valåret som gjer at beløpet er så stort.

Ikkje Dalsfjordbru

Verken Dalsfjordbru, Olden-Innvik, Kystveg eller andre riksvegar er omtala i NTP.

Planen omhandlar berre stamvegar i tillegg til jernveg, flyplassar og farleier på kysten. Kor mykje pengar Sogn og Fjordane får til riksvegane blir først klart når regjeringa kjem med pengane til kommunane seinare i vår.

Deretter skal fylkestinget bestemme bruken av desse pengane.

Her dryp pengane

Veg

Tiltak

Beløp

E39

 

 

Loteberget

Rassikring

 

Vadheim - Førde

Utviding av breidde, utbetring kurvar og forsterking av veg.

500 mill.

Førde - Hornindal

Utviding av breidde, utbetring kurvar og forsterking av veg. Hovudtyngda blir gjort i perioden 2014-2019.

1,5 milliardar

Lavik ferjekai

Omlegging av kai i første periode.

 

Torvund - Teigen

Fullføring av vedteken ombygging.

340 millionar

Kvivsvegen

Fullføring av vedtekn og påbyrja utbygging.

1 milliard

 

 

 

E16

 

 

Håbakken - Seltun

Utbetring

140 mill.

Maristova Borlaug

Utbetring

680 mill.

 

 

 

Riksveg 15

 

 

Strynefjellet

Prioriterer 2010-2013 å auke frihøgda til 4,2 meter i Strynefjellstunnelane. Sikre rasfarleg område i tunnelane i Grasdalen. Arbeidet skal fullførast i perioden 2014-2019.

270 mill.

Otta - Måløy

Ei lang rekkje investeringstiltak. Mellom anna gang- og sykkelvegar, mindre utbetringar med vekt på breiddeutviding og trafikktryggingstiltak.

650 mill.

 

 

 

Rv 60

 

 

Kjøs Bru - Grodås

Utbetrings ettersom strekka vil inngå i E39 etter at Kvivsvegen er opna for trafikk.

150 mill.

 

 

 

Riksveg 5

 

 

Loftesnes bru

Skal bygge ny bru

100 mill.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå