Hopp til innhold

Desse vart kretsmeistrar i O-løp

Til og med tyske o-løparar hadde funne vegen til dei vestlandske skogane då det var arrangert Kretsmeisterskap i orientering i helga.

Kretsmeistrar i orientering

KM-VINNARAR: Oppe frå venstre, Helge Schei, Anders Bergset, Edvin Helle. Nede Kristi Bergset og og Håvard Os.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Dei ferierte i Balestrand og hadde fått nyss om at vi skulle ha løp, så då tok dei turen, fortel løpsleiar Johan Magerøy.

KM i orientering for Sogn og Fjordane vart arrangert ved Langelandsvatnet, akkurat ved kommunegrensa mellom Førde og Gaular.

Laurdag var det stafett, medan det var individuell konkurranse på søndag.

- Vi skulle ønskje det hadde vore fleire deltakarar med begge dagane. Men det er mykje arrangement, både sportsleg og anna denne helga, så det er nok det som gjer at vi vert litt færre enn vi hadde håpa på, seier Magerøy.

I den lengste løypa, H19 på 8,5 kilometer var det sogningen Ingar Hals som vann. Han sprang inn på tida 1:20:54.