Hopp til innhold

«The Letter» tok storeslem på Sogndal filmfestival

Filmen som er laga av unge filmskaparar frå Sunnmøre vart heidra i fire ulike kategoriar.

Tonev films

THE LETTER: Tonev films frå Hareid på Sunnmøre har laga filmen som vart heidra med fire prisar på Sogndal filmfestival.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Med raud løpar, faklar, svarte konvoluttar og gallaantrekk var Sogndal Filmfestival ei glamorøs affære.

Dei unge festivalarrangørane i 3. klasse på media- og kommunikasjon i Sogndal fekk inn over 40 filmar til festivalen.

– Det er eit gledeleg høgt nivå, fortel juryleiar Stein Magne Os. Han har sjølv mykje erfaring frå dokumentarfilmproduksjon og ei lang karriere i NRK.

Stein Magne Os juryleiar sogndal filmfestival

JURYLEIAR: Sten Magne Os har sjølv lang erfaring med film og TV. Han er imponert over nivået på dei over 40 filmane juryen har sett igjennom for å velje ut vinnarane.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er godt nivå på filmarbeid, foto og regi, til manus og skodespel. Dei siste åra har vi merka at nivået i norsk filmbransje går oppover, fortel han.

Yngste vinnar er 15 år

Den yngste vinnaren på festivalen var Ruben Flatjord Kjøsnes frå Skei. Han vann i kategorien beste junior, for filmen «Pelle oppå heida». Den starta som eit skuleprosjekt, og enda på festival, fortel den unge filmskaparen.

Ruben Flatjord Kjøsnes

VINNAR: Ruben Flatjord Kjøsnes vann beste film i juniorklassa.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er veldig kjekt. Det er mange gode fimar her. Men eg veit ikkje om eg vil lage meir film enda, fortel Kjøsnes.

For dei unge filmskaparane er det viktig å ha ein slik arena å vise seg fram og bli kjende med bransjen, meiner juryleiar Svein Magne Os.

– Det er utruleg kjekt for oss å sjå korleis dei unge uttrykker seg gjennom film. Dei tek opp vanskelege og viktige tema. Alt frå mobbing, kjærleikssorg og viktige politiske tema.

Filmskaparar frå Sunnmøre fekk fire prisar

Filmen «the Letter» tok storeslem på festivalen. Bak Tonev films står regissør Simon Gjerde Tonev. Han og 26 andre unge frå Hareid på Sunnmøre har laga filmen i løpet av dei to siste åra.

– «The Letter» er ein historie om tilgiving, kjærleik og håp. Hat kan ikkje nedkjempast med hat, fortalde produsent og regissør Simon Gjerde Tonev til NRK Møre og Romsdal før jul.

Prosjektet til dei unge filmskaparane er betalt berre av regissøren si eiga lomme. Det var den filmen NRK Sogn og Fjordane sine lesarar likte best, og den fekk 16,8 prosent av stemmene i avstemminga.

Her er vinnarane frå festivalen:

Vinnar av publikumsprisen, beste etterbehandling, beste regi og manus og juryprisen: «The Letter»

«The Letter» - Simon Gjerde Tonev - Sogndal filmfestival 2017

THE LETTER: Tonev Films og regissør Simon Gjerde Tonev vann fire prisar.

Beste film i juniorklassa: «Pelle oppå heida»

PELLE OPPÅ HEIDA: 10.-klassingane Ruben Flatjord Kjøsnes, Andrine von Nilsen, Jon Håvane og Kamilla Senneset frå Skei ungdomsskule vann pris for beste juniorfilm.

Vinnar av beste film: «Hjartebarn»

HJARTEBARN: Ein dokumentarfilm laga av Laga av Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad.

Vinnar i seniorklassa: «Oslo Traffic»

Norsk kortfilm. En norsk kvinne og en kvinne som er utsatt for menneskehandel, begår ved et uhell et drap på en sexkjøper og må over en natt håndtere dette. Eksamensfilm fra den norske filmskolen 2016. Regi: Johanna Pyykkö.

OSLO TRAFFIC: Regissert av Johanna Pyykkö. Filmen var hennar eksamensprosjekt ved den norske filmskolen på Lillehammer. NB: 15 års aldersgrense.

Beste sportsfilm: «Vår beste dag»

Ein skifilm laga av Ranglefant film med regissør Mattias Myklebust. Du kan sjå filmen på her.