NRK Meny
Normal

Desse tunnelane skal oppgraderast

Målet er auka tryggleik og betre køyreforhold når til saman 150 tunnelar på Vestlandet blir rusta opp.

Flenjatunnelen

SKAL RUSTAST OPP: Flenjatunnelen på E16 er ein av mange tunnelar på europavegane som skal oppgraderast i 2018.

Foto: Arne Veum

Det er eit omfattande arbeid som blei sett i gang i 2015, og dei neste åra blir det stor aktivitet i tunnelane. For i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er det fleire tunnelar enn i nokon annan del av landet.

– Det er oppgradering etter ny tunneltryggleiksforskrift som er i gang. Riksvegtunnelane skal vere ferdig oppgraderte i 2021/2022, og for fylkesvegtunnelane er fristen ut 2024, fortel avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Til saman vil om lag 150 tunnelar på europa-, riks- og fylkesvegane i Region vest trenge tiltak for å oppfylla krava i forskriftene.

– Vi er godt i gang. Vi er ferdige med nokre, mange er under utbetring no og så har vi eit program for å fullføre resten innan 2025.

– Kva er dei viktigaste utbetringane?

– Det er mellom anna naudutstyr i form av brannsløkkingsutstyr, telefonar, detektering av røyk og vindhastigheit og betre lys i tunnelane.

Høg prislapp

Dei sistse åra har det vore fleire tunnelbrannar i Sogn og Fjordane. Eit av måla med oppgraderingane er å førebyggje alvorlege hendingar som kan setje menneskeliv i fare. Og dersom ulukka er ute, skal det finnast utstyr i tunnelen som gjer det mogleg å komma seg ut.

– Det er snakk om brannsløkkingsapparat og telefonar. Om det skjer noko, skal alle naudetatane få vite kvar i tunnelen det har skjedd noko. Denne beskjeden går via vegtrafikksentralen, slik at innsatsen kan setjast inn der det er behov.

Det er ikkje berre eit omfattande arbeid som er i gang. Prislappen er også høg. For dei 40 fylkesvegtunnelane i Sogn og Fjordane er det sett av 1,4 milliardar kroner.

– Det er store beløp også for fylkesvegane i dei andre fylka og ikkje minst for riksvegane, seier Finden.

Må rekne med ventetid

Og når det skal jobbast i tunnelane, blir det både stengingar og kolonnekøyring. Dermed må bilistane smørje seg med tolmod.

– Vi prøver å stengje tunnelane slik at det blir minst mogleg belasting for bilistane, men vi er nøydde til å stengje tunnelane for å få utført arbeidet. Vi tek omsyn til rushtrafikken når mange skal til og frå jobb og til rutegåande trafikk. Men vi må ha lange stengingar for å få utført arbeidet. Alternativet er kortare stengingar, men då vil arbeidet halde på over mykje lenger tid.

– Har bilistane forståing for ventetida?

– Ja, det er svært sjeldan dei som jobbar i tunnelane høyrer noko anna. Folk forstår at det må utbetringar til for å få sikrare tunnelar, seier Finden.

150 tunnelar skal bli oppgraderte

DESSE SKAL OPPGRADERAST: Kart over tunnelar som skal oppgraderast på E39 og E16 i Region vest.

Foto: Statens vegvesen