Hopp til innhold

Desse to smilte stort – trass uavgjort

I Måløy kunne ein høyre eit stort sukk to minutt før full tid i kampen mellom Island og Ungarn. Skuffelsen var stor, men staute islendingar smilte likevel.

Island

STOLTE ISLENDINGAR: Trass i uavgjort var smilet stort hjå Ríkharður Daníel Finnsson Maack (t.v.) og Vilhjálmur Jarl Beiðfjörð (t.h.).

Foto: Finnur Kristinsson

– Eg såg på klokka og tenkte at no er vi vidare, seier Finnur Smari Kristinsson.

Saman med kona hadde Kristinsson samla 13 store og små islendingar i Måløy for sjå kampen mellom Island og Ungarn.

Det såg lenge lyst ut for første siger i meisterskapet og eit garantert avansement for Island i EM-sluttspelet. Island leia 1–0 mot Ungarn og stemninga stod i taket i Måløy.

– Det var veldig bra stemning. Vi var både nervøse og spente. Ganske høgt oppe, fortel Kristinsson.

Island

ISLANDSKE FLAGG: Over heile Måløy var det fleire islandske flagg som var heist under kampen mellom Island og Ungarn. Ein gjeng på 13 personar samla seg i Måløy sentrum for å sjå kampen.

Foto: Finnur Kristinsson

Plutseleg skjedde det som islendingane frykta, og det berre to minutt før full tid i kampen. Eit sjølvmål frå Birkir Már Sævarsson endre det heile.

Spenninga var likevel ikkje over. På overtid fekk Island frispark frå ein farleg posisjon, men skotet gjekk i muren. Kampen mellom Island og Ungarn enda 1–1.

– Skuffelsen var stor til slutt, seier ein litt mutt Kristinsson.

Er allereie historiske

Islendingane er likevel historiske. Det er første gongen dei deltar i eit fotball-EM. Trass for at det var nære på med tre poeng i kampen mot Ungarn, er likevel trua på det islandske laget stor.

– Alle samen er overspente etter denne kampen, men det viktigaste er at vi likevel er veldig stolte over laget vårt, fortel Kristinsson.

island

I BLÅTT, RAUDT OG KVITT: Til kampen mellom Island og Ungarn hadde Nanda María Maack (t.v.) og Katrín Björk Kristinsdóttir (t.h.) pynta seg med det islandske flagget.

Foto: Finnur Kristinsson

Island står med to poeng etter to kampar i EM. Neste motstandar er Austerrike og islendingen i Måløy rettar blikket framover.

– Uavgjort er litt surt sidan spelarane jobba hardt, men no skal vi vinne over Austerrike, seier ein optimistisk Kristinsson.

Har likevel trua

Kristinsson og familien har flagga med det islandske flagget under kampane til Island under EM. Han er ivrig supporter av laget frå heimlandet.

Island

FRAM MED FLAGGET: Flagget skal på nytt opp når Island møter Austerrike til kamp 22. juni.

Foto: Finnur Kristinsson

– Eg veit ikkje kva eg skulle gjort om vi hadde vunne kampen. Då hadde eg nok ropt og jogga gjennom alle gatene her i Måløy, så det er kanskje like greitt det enda i uavgjort, humrar Kristinsson.

– Kvifor er islendingane so gode i fotball?

– Det ligg i viljen, og ikkje minst har vi ambisjonar. Vi fryktar aldri motstand, sjølv om motstanden er stor.

På onsdag 22. juni er det klart ein ny kamp for islendingane. Då ventar kampen mot Austerrike som kan bety vinn eller forsvinn.

– Vi islendingar har alltid trua, avsluttar Kristinsson.