NRK Meny
Normal

Nye og unge band spelar på «Jyplingscena»

Eit knippe unge artistar er klare for årets NRK SommarLutt under Malakoff Rockfestival i sommar.

NRK SommarLutt 2016

OVER 1.000: SommarLutt har siste åra samla godt med publikum i sentrum av Nordfjordeid.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

For niande året på rad sender NRK Sogn og Fjordane direkte på radio og nett-tv midt frå sentrum av Nordfjordeid.

Frå tre fylke

Elida Høgalmen

ELIDA: Elida frå Oldedalen spelar både melankolsk og vàr musikk.

I år er Elida Høgalmen frå Oldedalen, Jackbow frå Nordfjordeid, Don Wild frå Askvoll og Baia Wolf frå Svelgen/Måløy plukka ut blant fleire unge og lovande artistar.

I tillegg står to band frå nabofylka på «Jyplingscena» fredag 21. juli klokka 13–15. Det eine er Ahead Of The Curv frå Ålesund, men for å toppe det heile kjem allereie etablerte Tiebreaker frå Odda for å rocke scena.

NRK og Malakoff Rockfestival samarbeider om konserten på «Jyplingscena» til festivalen, som er å finne midt i sentrum av Nordfjordeid. Artistar som Eva Weel Skram, Kjartan Lauritzen og Line Dybedal har tidlegare stått på scena.

– Viktig stad å spele

Don Wild

DON WILD: Nyleg vart Don Wild utvalde til å spele under 100-dagars festivalen på Stord. Dei vart også hyra inn til å spele under «Festspillene i Bergen» i 2016.

Konsertane har siste åra samla godt over 1.000 publikumarar. Sendinga går i tillegg direkte på NRK sitt nett-tv og på radio.

– Sidan vi starta SommarLutt har målet vore å skape ei viktig scene for nye musikarar frå Sogn og Fjordane. Veldig mange har stått på denne scena og imponert oss. Fleire av dei har komme seg vidare til solide musikalske karriere seinare, seier arrangørane Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane og Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival.

– Vi meiner dette er blitt ei av dei viktigaste scenene for nye band her i fylket, legg dei til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.