Hopp til innhold

30 verksemder byter dekk ulolveg

Statens vegvesen er uroa over den 30 namn lange lista over verksemder som ulovleg tilbyr dekkskifte.

Kristian André Sæbø.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Ifølgje avisa Firda er lista på 30 verksemder som vegvesenet har avdekka gjennom kontrollar.

Overingeniør Kristian Andre Sæbø ved tilsynsseksjonen, fryktar store mørketal.

– Vi ser med uro på det. Det er slik at vi ikkje veit kva kvalitet og dekk dei leverer og dei dumpar prisar. Det er ikkje noko vegvesenet har med å gjere uansett, men eg trur at dersom det hadde vore godkjent, så hadde prisane vore litt annleis, seier han.

Kan vere farleg

Vegvesenet har gjennomførd fleire kontrollar over heile fylket. Lista med lovlege verksemder, tel 17 namn. I tillegg kjem alle godkjende bilverkstader.

Sæbø fryktar at dei berre har avdekt ein brøkdel av problemet, og seier det kan få store følgjer å køyre kring på feil dekk.

– Køyrer du kring med dekk som ikkje toler den belastninga den skal ha, kan du få eksplosjon, du kan få partering i dekk og dermed medføre at bilen skjenar ut av vegen, seier han.

Politimelder

Verksemdene som per no driv ulovleg har fått åtvaring og ei veke på seg til å få rett løyve for å halde fram med å skifte dekk.

Sæbø seier dei politimelder saker der det er grove brot på regelverket.

– Dersom dei ikkje søkjer eller er interessert i å få ei godkjenning, så går vegvesenet til det steg og melder firmaet for brot på vegtrafikklova, seier han.