Hopp til innhold

Desse skal spele på Førdefestivalen

Den 28. utgåva av Førdefestivalen går frå 5.–9. juli og årets tema er «Klangen av Norden». Heile 40 nordiske folkemusikarar kjem til festivalen.

Sigrid Moldestad

PÅ PLASS: Sigrid Moldestad er ei av dei lokale som skal spele under årets Førdefestival.

Foto: Kil Bakken

«Forboden musikk frå Kapp Verde på toppen av Hafstadfjellet, 706 meter over havet, ørkenblues frå Mali på elvebreidda ved Jølstra og samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet».

Det heiter det i pressemeldinga til Førdefestivalen som no presenterer sitt program for årets festival.

Hovudtyngda av programmet vil gå føre seg i Førde, men det vert òg festivalarrangement i heile seks andre kommunar rundt Førde.

Av lokale innslag stiller:

  • Sigrid Moldestad ved “Samuline – frå fela flyg din song”
  • Hilde Marie Holsen ved “Arvesølvet”
  • Lillian Samdal ved “Arvesølvet”
  • Linda Gytri ved “Arvesølvet”
  • Synnøve Bjørset ved “På Hogg og Belegg – Sigmund Eikås og musikken hans”
  • Erlend Apneseth ved “På Hogg og Belegg – Sigmund Eikås og musikken hans” og “Arvesølvet”
  • Gro Marie Svidal ved “På Hogg og Belegg – Sigmund Eikås og musikken hans” og “Sunniva no”
  • Dagfrid Vallestad Brevik ved “På Hogg og Belegg – Sigmund Eikås og musikken hans”
  • Kari Malmanger
  • Indre Sunnfjord Spelemannslag

Totalt kjem om lag 300 artistar frå heile verda til årets festival.

Mammadoo frå Zimbabwe

ZIMBABWE: Mammadoo tek turen frå Zimbabwe for å spele på Førdefestivalen.