NRK Meny
Normal

Desse seier ja takk til kjærleiksgaranti

FØRDE (NRK): No kjem Arbeidarpartiet med løfte om at dei eldre par skal få bu saman på eldrebustadar om begge har omsorgsbehov. Det tykkjer Torgeir og Jorunn er eit godt forslag.

Ja til kjærleiksgaranti

VIL BU SAMAN: Torgeir og Jorunn Feet synest arbeidarpartiet sitt forslag er bra. Dei vil gjerne bu saman heile livet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er einig. Det er synd å skilje folk når dei har budd saman heile livet, seier Torgeir Feet.

Han og kona Jorunn seier gjerne ja takk til å få leve saman også dei siste åra i livet sitt.

– Vi har budd saman i mange år, og eg trur dei aller fleste vil vere saman. Det er flott viss dette blir gjennomført, seier Jorunn Feet.

Lovar kjærleiksgaranti

No er det opp til den einskilde kommunen å avgjere om eldre par skal få bu saman på omsorgsbustader og eldreheimar. Slik vil helse- og omsorgsministeren at det skal halde fram å vere.

Arbeidarpartiet meiner derimot at kommunane skal vere pålagde å tilby dette, og lovar derfor «kjærleiksgaranti» til dei eldre om dei vinn valet.

– Det som gir oss tryggleik og gode liv er å få leve saman med dei ein er glad i, også når ein blir gamal. Vi har sett at det motsette har skjedd, og kva det gjer med folk, seier partisekretær Kjersti Stenseng.

Arbeidarparti-toppar

VALLØFTE: Arbeidarpartipolitikarane Jon Håkon Odd, Ingrid Heggø og Kjersti Stenseng lovar at dei eldre skal få bu saman livet ut, sjølv når dei må flytte på sjukeheim.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Føresetnaden for å få dette tilbodet vil vere at begge partar har behov for omsorgstenester, og det skal vere frivillig. Arbeidarpartiet meiner dette må vere pålagt alle kommunar slik at alle får tilbod om det same.

Sjølv om ein ofte høyrer om at det er lite sjukeheimsplassar, trur ikkje stortingsrepresentant Ingrid Heggø dette vil bli noko problem.

– Her vil dei bu på dobbeltrom i staden for enkeltrom, og det vil ikkje bli problem med det, seier Heggø.

På grunn at det berre vil vere behov for eitt rom for to personar, trur dei heller ikkje at tilbodet vil by på mykje ekstrakostnadar.

– Ein sjølvfølgje

– For Høgre er det ein sjølvfølgje at sambuarar skal få bu saman på sjukeheim, seier Tone Trøen, helsepolitisk talsperson i Høgre.

Tone W. Trøen

OGSÅ FOR: Tone Trøen er helsepolitisk talsperson i Høgre. Ho seier Høgre også ønskjer at sambuarar skal få bu saman på sjukeheimen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Ho seier at alle kommunar i sommar har vedteke kriterium for sjukeheimsplass og at hennar inntrykk er at det er Arbeidarpartiet som stemmer i mot.

– I kommunestyre etter kommunestyre har Høgre også fremma forslag om sambuargaranti, og i mange kommunar har Arbeidarpartiet stemt i mot, meiner ho.

Det vil likevel ikkje vere aktuelt for Høgre å gå inn for og lovfeste retten til å bu saman på sjukeheimen.

– Vi kan ikkje lovfeste alt i Stortinget, noko vil det vere naturleg at kommunale politikarar tek inn i sine kriterium for sjukeheimsplass, seier Trøen.

Ønsker det velkommen

Kommunane skal vere den som bestemmer kven som skal få tilbodet og ikkje. Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger ønsker dette velkommen.

– Ein kan jo seie at det skulle berre mangle at vi kan tilby dette, men slik er det ikkje. Vi treng pengar og nokon gonger treng vi å bli pålagt å levere slike tilbod på eit visst nivå, seier Odd.