Hopp til innhold

Sjekk kva ordførarar som stiller til attval

Fleire av dei mest profilerte ordførarane i Sogn og Fjordane har enno ikkje bestemt seg for om dei tek attval neste år.

Desse ordførararne seier nei til attval

NEI TAKK: Korkje f.v. Marta Finden Halset, Ole Gunnar Krakhellen eller Anders Ryssdal ønskjer attval ved kommunevalet i 2015.

Foto: Vik kommune/Kristjan Logason/Asgeir Reksnes / Vik kommune/Sogn og Fjordane fylkeskommune/NRK

Verken i Eid, Flora. eller Vågsøy har nominasjonsnemndene fått eit klart svar.

I Førde vedgår ordførar Olve Grotle at det har kosta å vere folkevald på heiltid. Han er framleis i tenkeboksen.

– Ein av dei tinga som er utfordrande som ordførar er at ein brukar mykje tid på det, også mykje fritid, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Er meir ein livsstil enn ein jobb

Eit langt betre betalt yrke som advokat vart lagt på vent, då Olve Grotle vart ordførar i Førde 2011. I byte fekk han endå travlare dagar. No tel han på knappane om han skal ta attval for Høgre.

– Eg trur eg har med meg alle ordførarane i Sogn og Fjordane når eg seier at det å vere ordførar er litt ein livsstil. Ein er på ein måte ordførar heile tida, seier Grotle.

Han understrekar at han ikkje seier dette for å klage.

– Det å vere ordførar er veldig givande og kjekt, men det er nok eit faktum at ein brukar veldig mykje tid på det, seier Grotle.

Er ekstremt tidkrevjande

Og Grotle er på langt nær den einaste. Ei oversikt NRK har laga viser at 14 av 26 ordførarar i Sogn og Fjordane har sagt ja til attval.

Seks har sagt nei, mens seks ordførarar, inkludert Grotle, seier dei grublar over kva dei skal gjere. Blant dei er den profilerte Venstre-ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo.

– Eg har rett og slett ikkje bestemt meg endå. Eg skal ta ei avgjerd i løpet av hausten. Det er ein svært spennande jobb og ei fantastisk moglegheit til å drive politikk. Samtidig er det ekstremt tidskrevjande og det gjer at eg er i tankeboksen endå, seier Bjørlo.

Eit endeleg svar har heller ikkje Bengt Solheim-Olsen i Flora, Oddmund Klakegg i Jølster eller Anne Britt Øen Nygård i Hornindal gitt sine nominasjonsnemnder.

Dette svarar ordførarane om attval

Kommune

ordførar (parti)

attval

periodar

Solund

Ole Gunnar Krakhellen (H)

nei

1

Gulen

Hallvard S. Oppedal (Sp)

ja

1

Hyllestad

Jan Olav Gjerde (Ap)

ja

1

Høyanger

Petter Sortland (Ap)

ja

1

Balestrand

Harald Offerdal (Ap)

ja

1

Vik

Marta Finden Halset (Ap)

nei

2

Leikanger

Olav Lunden (Ap)

nei

3

Sogndal

Jarle Aarvoll (Ap)

ja

2

Luster

Ivar Kvalen (Sp)

ja

1

Aurland

Noralv Distad (H)

ja

1

Lærdal

Jan Geir Solheim (Sp)

ja

1

Årdal

Arild Ingar Lægreid (Ap)

ja

3

Fjaler

Arve Helle (Ap)

ja

3

Gaular

Mathias Råheim (H)

ja

1

Førde

Olve Grotle (H)

ikkje avklart

1

Jølster

Oddmund Klakegg (Sp)

ikkje avklart

1

Askvoll

Frida Melvær (H)

ja

1

Naustdal

Håkon Myrvang (Ap)

ja

2

Flora

Bengt Solheim-Olsen (H)

ikkje avklart

1

Bremanger

Karl Vidar Førde (Sp)

nei

1

Gloppen

Anders Ryssdal (Sp)

nei

3

Stryn

Sven Flo (H)

ja

1

Hornindal

Anne Britt Øen Nygård (Sp)

ikkje avklart

1

Eid

Alfred Bjørlo (V)

ikkje avklart

1

Selje

Ottar Nygård (tverrpol. liste)

nei

1

Vågsøy

Morten Hagen (H)

ikkje avklart

1

Ekspander/minimer faktaboks

Må avklare med familien

I Vågsøy er Morten Hagen lysten på ein periode til for Høgre, men då må familien seie ja.

– Eg tykkjer det er veldig utfordrande og spennande å vere ordførar. I utgangspunktet stiller eg til attval, men det er framleis nokre avklaringar som må gjerast privat, før eg endeleg seier ja, seier Hagen.

I Solund vart Ole Gunnar Krakhellen fylkets yngste ordførar då han som 25-åring vann førre val for Høgre. No vil han tilbake til læraryrket.

– Eg har konkludert med at eg skal sleppe nye krefter til når vi kjem til valet i 2015, og så skal eg gjere andre prioriteringar for mitt liv slik at eg kanskje får ein meir A4-jobb i tida framover, seier Krakhellen.

– Har det vore tøft å vere ordførar på heiltid?

– Det har vore spennande og kjekt, men det er klart at det også tidvis har vore krevjande. Det er ikkje alt det er så lett å kombinere med det å vere ordførar, så difor har eg gjort mine prioriteringar, seier Krakhellen.

Har framleis motivasjon

Forutan Solund vil det uansett valresultat bli ny ordførar i Leikanger, Gloppen, Bremanger, Selje og i Vik. Der vil Marta Finden Halset henge av seg ordførarkjeda for godt.

– Eg har gitt beskjed til leiaren i nominasjonsnemnda i Vik at eg ikkje ønskjer attval, seier Halset.

Blant dei derimot vil kjempe for ein ny periode ved makta er Fjaler-ordførar Arve Helle.

– Det gjer eg. Sjølv om det har vorte nokre år, så er motivasjonen framleis stor. Eg er klar for fire nye år, viss veljarane vil ha meg, seier Helle.

Blir Helle attvald for Ap, blir han saman med partifelle Arild Ingar Lægreid i Årdal lengstsitjande ordførar med fire periodar.

I tenkjeboksen ut august

I Lærdal vart Jan Geir Solheim over natta landets mest profilerte ordførar då store deler av bygda stod i brann i januar. No vil han ha fire nye år.

– Eg har gått nokre rundar med meg sjølv, men eg har sagt at eg stiller til attval for Senterpartiet i Lærdal, seier Solheim.

– Har rolla som ordførar vorte sterkare definert av storbrannen?

– Det vil eg seie. Og så har eg vorte endå meir glad i kommunen min, seier Solheim.

Men mange av ordførarkollegane er framleis i tvil om kva dei skal gjere. I Førde lovar Olve Grotle innbyggjarane svar innan utgangen av august. Innan den tid kan det bli mange familieråd.

– Det seier seg sjølv at det er ein viktig del av ei slik avgjerd, seier Grotle.