Hopp til innhold

Desse naustedølene er rasande på eigedomsskatten

NAUSTDAL (NRK): Innbyggjarane i Naustdal krev at den omstridde takstvurderinga av eigedomsskatten blir gjort om.

300 naustedøler hadde møtt fram for å seie si meining om eigedomsskatten.

FOLKSAMT: Engasjementet hjå dei nær 300 frammøtte var stort, og dei meiner politikarane må handsame saka på nytt.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg håpar dei ser og høyrer litt kva folk har sagt og meiner, og at dei set ned, eller tek ein gjennomgang på takstane slik at dei blir mest mogleg rette, seier Narve Fimland etter folkemøtet.

Ein fullsett sal møtte ordførar og rådmann i Naustdal måndag kveld. Innbyggjarane hadde kome for å få vite meir om eigedomsskatten, som for nokre av innbyggarane har dobla seg sidan sist taksering for 10 år sidan. Kritikken hagla mot politikarane då ordet var fritt, og dei krasse innlegga vart følgde av taktfast applaus frå dei andre frammøtte.

– Det har vore ein stor auke, veldig stor auke for meg. Sjølv om eg ikkje er verst råka, er det mange som har fått stort påslag, seier Rolf Haugland.

Kravet frå dei frammøtte var at det blir ein ny gjennomgang av takstane. Haugland let seg heller ikkje imponere over politikarane sine svar.

Administrasjonen og politikarane i Naustdal på møte.

KRITIKK: I ein time måtte kommunalsjef Ørjan Stubhaug, ordførar Håkon Myrvang (Ap) og rådmann Øyvind Bang-Olsen svare på spørsmål frå irriterte innbyggjarar. – Det var eit godt folkemøte med stort engasjement, sa ordføraren etterpå.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Dei går litt rundt grauten, seier han.

Skal opp i formannskapet tysdag

Og ordføraren kan ikkje garantere at takstane blir endra.

– VI har sagt til administrasjonen at det har vore utilsikta store utslag etter endringa, og bedt om informasjon om kva som gjer det. Så tek vi med oss det som har blitt sagt i dag, seier Håkon Myrvang (Ap).

Tysdag skal saka opp i formannskapet, og rådmannen Øyvind Bang-Olsen er budd på at saka på ny hamnar på hans bord.

– Vi forventa reaksjonar, og visste det måtte kome då nye takstar var klare. Etter formannskapsmøtet reknar eg med at vi skal lage ei utgreiing og kome med ei vurdering av kva vi skal gjere.

Både ordføraren og rådmannen Dei som meiner taksten på eigedomen er feil må klage. Til no har det berre kome inn kring 15 klager, men innbyggjarane har seks veker frist på seg frå taksten vart sendt ut.

-I slike massetakseringsprosessar klarer ein ikkje alltid å treffe like godt i første runde. Då må ein stille spørsmål til kommunen og klage, seier Bang-Olsen.