NRK Meny
Normal

Kan Elvis vere med å snu trenden når Sogndal møter Sandefjord?

Sogndal speler tysdag kveld den siste treningskampen under opphaldet på La Manga. Førebels har det blitt tre tap av tre moglege.

Ahyee Aye Elvis

MED FRÅ START: Ahyee Aye Elvis er med frå start når Sogndal møter Sandefjord til treningskamp på La Manga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tysdag kveld møter Sogndal Sandefjord, eit lag som rykka ned frå eliteserien i fjor. Sogn Avis følgjer kampen direkte.

Sogndal har til no under treningsopphaldet i Spania ikkje fått det til å klaffe, og har tapt mot både Kongsvinger, FC Cartagena 2 og Haugesund.

Desse speler for Sogndal når dei møter Sandefjord tysdag kveld klokka 19.

  • Joseph T. Bendik
  • Eivind Daniel Røed
  • Isak Scheel
  • Gustav Valsvik
  • Per Egil Flo
  • Ole Jørgen Halvorsen
  • Ahyee Aye Elvis
  • Henrik Furebotn
  • Barry Kader
  • Espen Olsen
  • Ulrik Flo

Trenar Harald Aabrekk har tidlegare under treningsopphaldet uttalt at det ikkje har sprudla over laget.

Fleire av spelarane slit med skader og både Eirik Bakke, Even Hovland og Cato Hansen er blant dei som ikkje spelar mot Sandefjord i kveld.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå