NRK Meny
Normal

Desse straumkundane har nettleige i landstoppen

– Det er ikkje ei plassering vi er stolte av, vedgår Harald Stadheim, nettsjef i Sognekraft. Kundane deira må nemleg betale landets nest høgaste nettleige.

Kraftledning

DYRT: Dess lengre det er mellom kundane, dess dyrare er det å få straumen fram til husa.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Det er store skilnader i kor mykje straumkundane betalar i nettleige. Heilt i toppen tronar Sognekraft.

Ei hushaldning som brukar 20 000 kW-timar i året, må ut med 16 380 kroner årleg i nettleige. Det er nesten dobbelt så mykje som hos BKK.

– Vi har 1 700 kilometer nett i Sognekraft og 8 000 kundar. Med få kundar å fordele kostnaden på, blir einingskostnaden per kunde høg, seier nettsjef Harald Stadheim.

Dagmar får skulda

Nettsjefen forklarer den høge nettleiga med øydeleggingane etter orkanen Dagmar i 2011. Selskapet fekk skadar på over ti millionar kroner på nettet.

Nettleigetoppen, inkludert forbruksavgift og mva

Energiverk

Øre/kWh

Fitjar Kraftlag (Hordaland)

86,1

Sognekraft (Sogn og Fjordane)

81,9

Tysnes Kraftlag (Hordaland)

81,2

Sandøy Energi (Møre og Romsdal)

80,9

Sør-Aurdal Energi (Oppland)

79,4

Aurland Energiverk (Sogn og Fjordane)

78,0

Skjåk Energi (Oppland)

77,1

Fjelberg Kraftlag (Hordaland)

77,1

Nesset Kraft (Møre og Romsdal)

76,8

Lærdal Energi (Sogn og Fjordane)

76,2

Landssnittet

58,6

* Nordland, Troms og Finnmark er unnateke mva.
* Karsløy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjerøy og Storfjord kommunar er unnateke forbruksavgift.
* Finnmark er fritekne for forbruksavgift.

Stadheim vedgår at sjølv om dei ikkje er stolte av å ha blant landets høgaste nettleige, så har dei ikkje mange alternativ.

– Vi er heller ikkje stolte av å drifte nettet vårt på ein slik måte at vi ikkje toler påkjenningar frå vêr og vind, for det kostar ein god del pengar, seier han.

Store variasjonar

NVE sin ferske statistikk over nettleiga i ulike delar av landet, viser høge tal for selskapa i Sogn og Fjordane. Seksjonssjef Torfinn Jonassen i NVE seier nettleiga kan variere med nær ein tusenlapp i månaden.

Nettariff hushald

VARIASJONAR: Kartet frå NVE viser store variasjonar i nettleiga. Nettleiga er prisen du betaler for å få overført straum til huset ditt.

Foto: NVE

– Sett frå eit forbrukarperspektiv, er det rettferdig at det er slik?

– Nettselskapa har dei kostnadene dei har for å levere straum i sitt område, og prinsippet i Norge er at nettet er brukarbetalt, seier han.

Kan ikkje bytte

Dess lenger det er mellom kundane, dess dyrare blir nettleiga. Krevjande topografi gjer ikkje nettleiga noko rimelegare. Difor er nettleiga rimelegare i større byar.

Som forbrukar i distriktet er det lite ein kan gjere.

– Det einaste kunden kan gjere for å få ned nettleiga, er å redusere forbruket. Kunden kan ikkje bytte nettselskap. Nettselskapet har monopol på leveranse i området sitt, seier Jonassen.

Meir utbygging aukar nettleiga

Asgeir Aase

AVVISER: Nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, avviser at nettleiga går opp når straumprisane går ned. – Det har ingenting med saka å gjere, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, påpeikar ein tredje faktor som aukar nettleiga i Sogn og Fjordane:

Bygging av nye vasskraftverk, krev nye kraftlinjer. Desse kostnadene blir ikkje fordelt utover landet, men belasta kundar i nærområdet.

– Det burde ikkje vore slik, men slik er det fastsett av våre styresmakter. Diverre, seier han.

Vil auke

Nettleiga er ikkje venta å gå ned. På grunn av store utbyggingar signaliserer Statnett ei dobling av sentralleiga dei neste ti åra.

– Den vil neppe gå ned. Det er venta ein viss auke i nettleiga, men ikkje noko dramatisk, seier Aase.

For kundane i Sognekraft er det likevel håp om betring. I mars er utgiftene etter Dagmar henta inn.

– Då ligg det an til at nettleiga kan reduserast, seier Stadheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå