NRK Meny
Normal

NRK Sommarlutt med sterkt fokus på unge talent

For fjerde år på rad inviterer NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rockfestival til lokalmusikalsk folkefest på Nordfjordeid.

Bård og Vegard Leite på Sommarlutt 2012

INVITERER TIL NY FOLKEFEST: Llokale artistar trakk eit stort publikum under fjorårets Sommarlutt-konsert på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Stian Sjursen Takle

PROSJEKTLEIAR: Stian Sjursen Takle lovar mektige tonar frå musikalske talent frå heile Sogn og Fjordane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I år vert fokuset på å vise fram den unge musikalske framtida i Sogn og Fjordane enno sterkare. NRK Sommarlutt og Malakoff har plukka ut nokre av dei artistane i fylket som sterkast viser at dei vil og kan. No får dei alle stå på sentrumsscena under rockefestivalen 18. juli.

Med artistar som b0ka, Line, Tripod, Arnt Herman Hagen, Odd-Erik Lothe, Silje Søgnesand og Håvard Endal Husevåg blir det mykje spennande, variert og spenstig musikk og sceneshow å få med seg frå NRK-scena i Eid sentrum. Konserten vert også sendt direkte på nett-tv og radio.

Kan bli årets demoband

– Tre av artistane har vi også plukka ut som ein del av demokonkurransen vår. Desse kjempar om eit stipend på 15000 kroner frå Sparebanken Vest for beste opptreden under NRK Sommarlutt, fortel prosjektleiar og produsent Stian Sjursen Takle.

Han har for tida permisjon frå NRK for å vere arrangementssjef i Førdefestivalen, men er innleigd for å planlegge NRK Sommarlutt.

Ronny Brede Aase

KLAR IGJEN: NRK Petre sin populære førdianar, Ronny Brede Aase, skal også i år lose publikum gjennom Sommarlutt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Blant dei unge talenta har NRK og Malakoff plukka ut ein av dei som har imponert gjennom fleire år på Ungdomens kulturmønstring. Håvard Endal Husevåg frå Gloppen skal vise seg fram og konkurrere mot Silje Søgnesand som gav ut sin første singel i vår og Arnt Herman Hagen som fekk mykje skryt etter at han spelte live på NRK P3 i fjor.

Ronny er programleiar

Det er Ronny Brede Aase som skal vere programleiar for NRK Sommarlutt. Han gir deg god stemning og intervju med artistane undervegs i konserten. Han er mest kjent for å vekke det norske folk på NRK P3 med sin entusiasme og inkluderande stil.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sommarlutt 2013

STARTAR MALAKOFF: Sommarlutt har blitt ein årviss sentrumskonsert på første dagen av Malakoff Rockfestival. Slik såg det ut frå scena under fjorårets NRK-sende konsert.

Foto: Øystein Torheim

Slepper singel

– Mitt håp og mål med Sommarlutt er at enno fleire skal få opp auga for kor mange dyktige unge musikarar vi har frå Sogn og Fjordane. Det at vi har fått med oss b0ka er heilt strålande. Dei er noko av det mest spennande og særeige på musikkfronten frå fylket nett no, seier Sjursen Takle.

Han er også veldig nøgd med at Line frå Selje tek med seg band og besøker NRK Sommarlutt. Ho er i gang med sin eigen spennande solokarriere etter at ho vart kåra til Årets urørt med The Pink Robots i 2010.

I tillegg kjem Odd-Erik Lothe heim til Nordfjordeid med sin heilt ferske sommarlåt i gitarkofferten, og det er knytt stor spenning til bandet Tripod som slepper sin nyaste singel under konserten.

Eigenskrivne låtar

Alle som blir spelar på NRK Sommarlutt spelar eige materiale. Dette er viktig for arrangørane som ønskjer å vise fram dei unike artistane som gjer det meste sjølv. Konserten går direkte på radio, er gratis og vert arrangert i eit samarbeid mellom NRK Sogn og Fjordane og Malakoff rockfestival.

Desse kjem til NRK Sommarlutt 2014:

b0ka

Dette bandet frå Nordfjordeid leverer noko av det mest spennande på musikkfronten i Sogn og Fjordane nett no.

Dei leverer «Instant Tropicana» gjennom ei herleg blanding av ulike sjangrar frå jazz til elektronika. Desse gutane har vore bestevener sidan barnehagen, laga musikk saman sidan ungdomskulen og spelt i band saman sidan vidaregåande. To av dei er profesjonelle musikarar som spelar fast med band som Razika, Ytre Suløen og Mugu Enseble. Dei tre andre har bakgrunn som produsentar og Dj-ar.

Bandet har fått radiospeling både i NRK og i studentradioane, og blant anna vunne den nasjonale musikkonkurransen 4Sound Demotape og er anbefalt av NRK Urørt. I b0ka finn du Espen Bjørlo Mellem, Bjørnar Sira, Andreas Rotevatn, Endre Øsleby og Morten Smith Lien.

Sjå artisten si nettside

Line

Line Dybedal Vederhus

FRÅ SELJE: Line Dybedal Vederhus.

Foto: Jarle H.Moe

Line Dybedal frå Selje er i full gang med å bygge sin eigen spennande solokarriere med base i Bergen. Saman med bandet The Pink Robots vart ho årets urørt på NRK P3 i 2010, men står no på eigne bein. Line er allsidig musikalsk, og har hatt fleire låtar inne på listene til NRK-P1. Med sitt nye soloprosjekt leverer ho synthbasert pop med lekkert innslag av elektronika. Låten «Puppet Master,» som kom i vår er produsert av Morten Abel med ein spenstig video signert Bjørn Myreze.

Sjå artisten si nettside

Odd-Erik Lothe

Odd-Erik Lothe i svart-kvitt

FRÅ EID: Odd-Erik Lothe.

Foto: Pressefoto

Odd- Erik Lothe er etter kvart blitt ein veteran blant musikarane frå Sogn og Fjordane, og har bak seg ein imponerande katalog med sterke låtar. Han starta karrieren sin i banda «To levande og ein død» og «Fabel.» No har han skapt sin eigen solokarriere med bandet Lothe, og har hatt ei rekke låtar inne på A-lista til NRK P1.

Lothe kjem frå Kjølsdalen, og fekk i november oppleve å framføre musikken sin på heimebane i Operahuset Nordfjord saman med Kringkastingsorkestret. Med seg til Malakoff har Lothe den nye friske sommarsingelen sin.

Tripod

Tripod

FRÅ EID: Trondheims-baserte Tripod.

Tripod starta karrieren si på Nordfjordeid, men har no etablert seg som ein del av musikkmiljøet i Trondheim. Dei har gjeve ut platene «Nevermind This Black Album» og «Four Coins,» som vart godt tatt imot av publikum rundt om i Norge.

Eit av høgdepunkta til bandet var ein større turne i Kina. Det nye albumet vert omtala som sterkt, melodisk og hardtslåande med sterkare låtar enn nokosinne. Under Malakoff vil bandet sleppe sin første singel frå det nye albumet!

(Artikkelen held fram under biletgalleriet.)

DELTAKAR Demokonkurranse:

Arnt Herman Hagen

Skuledagen endra seg ganske drastisk for Arnt Herman Hagen då det tikka inn ei tekstmelding midt i økonomitimen, med spørsmål om han kunne spele i P3 si direktesending frå heimbygda Nordfjordeid. Han sa sjølvsagt ja!

P3 sin musikksjef, Marie Komissar, høyrde han og vart imponert over den unge musikaren. Den gongen leverte han ein coverversjon av John Mayer, men no har han laga musikk sjølv og sett saman sitt eige band. Deltakar i Malakoff Demokonkurranse.

Silje Søgnesand

Silje Søgnesand

FRÅ AURLAND: Silje Søgnesand.

Foto: Privat

Silje Søgnesand er vokalist og låtskrivar, opphavleg frå Gudvangen i Sogn og Fjordane, no busett i Molde. Ho har vore aktiv som vokalist sidan 2006, anten aleine eller saman med forskjellige band og duoar. Våren 2011 byrja ho for alvor å skrive eigne låtar, og har sidan då jobba med å spele inn og framføre sitt eige materiale.

Låtmaterialet speglar den allsidige bakgrunnen hennar, og kan best skildrast som pop/fusion. Saman med band har ho jobba med å finne det perfekte uttrykket til stemma, tekstane og melodiane. Den første utgjevinga, “Stop, play, pause”, kjem i mai 2014. Deltakar i Malakoff Demokonkurranse.

Sjå artisten si nettside

Håvard Endal Husevåg

Håvard er plukka ut som årets UKM-artist. Hans draum er å bli profesjonell musikar, og turnere i inn og utland. Han har i fleire år delteke på Ungdomens kulturmønstring, og kom i fjor vidare til landsmønstringa, noko han omtalar som dei kjekkaste og mest inspirerande døgna han kan hugse.

Han starta å spele piano då han var sju, og er i dag ein del av talentprogrammet til Gloppen kulturskule. Han har musikalske førebilete som Jarle Bernhoft og John Legend, men på NRK Sommarlutt presenterer han sin eigen låt åleine på scena med gitar og loop-maskin.

Programleiar – Ronny Brede Aase

Programleiar for NRK Sommarlutt er Ronny Brede Aase. Han er ein av dei mest kjende radiostemmene i Norge, og har fått ei rad med prisar for sin måte å vekke opp Norge på.

Gjennom sin friske og inkluderande stil har Ronny fått ein heil generasjon unge radiolyttarar til å glede seg til å stå opp saman med NRK P3. Han har også gjort store TV-prosjekt, som programleiar for VG-lista på Rådhusplassen i Oslo

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå