NRK Meny
Normal

Desse kjem til Malakoff i år

Iggy Pop, Yelawolf, Gojira, Gogol Bordello, Kvelertak, Sivert Høyem, OnklP & De Fjerne Slektningene og Vintage Trouble er blant hovudartistane under årets Malakoff, som vert arrangert på Nordfjordeid 21.–23. juli.

Gogol Bordello

PÅ PROGRAMMET: Amerikanske Gogol Bordello er eit av banda som festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal trur vil overraske publikum.

Foto: Pressefoto

– Her er det utruleg mykje livesnadder, og det er definitivt det mest spennande og typete artistprogrammet i Malakoffhistoria, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Frå før er det kjent at sjølvaste Iggy Pop kjem for å spele i den vesle nordfjordbygda. Årets Malakoffprogram har eit tydleg rockavtrykk med sterke namn som blant anna Gojira, Kvelertak, Cancer Bats i tillegg til den før nemnde rockenestoren.

– Eg er veldig nøgd med at vi har fått på plass på store internasjonale namn, samstundes som vi utfordrar oss sjølve og publikum med nye sjangrar, blant anna representert ved Matoma.

Tru mot konseptet

Eit av kjenneteikna ved Malakoff Rockfestival har vore blandinga av store og kjende namn og meir ubeskrivne blad. Ein av dei som i år skal stå på scena har vore med heilt sidan festivalen i si tid starta som elevbedrift.

Arnt-Ivar Naustdal

STORE FORVENTNINGAR: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Alexander Pavelich var i si tid verdas yngste festivalsjef. No er han tilbake og skal spele med bandet sitt Lovespeak. Vi har som må å skulle utdanne folk litt med nye band, og det føler vi at vi har fått til i år, seier Naustdal.

Håpar på 20 000 besøkande

Festivalsjefen håpar at dei også i år skal klare over 20 000 besøkande i løpet av dei tre dagane festivalen varer.

– Ut ifrå billettsalet så trur eg vi skal klare det.

– Kva ser du sjølv mest fram til?

– Det er det spørsmålet eg gruar meg til å svare på kvart einaste år. Eg gler meg veldig til Iggy Pop, men samstundes så trur eg Gogol Bordello, som er eit lurveleven av eit band, kjem til å overraske publikum, seier Naustdal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå