Hopp til innhold

Mange frå Sogn og Fjordane er aktuelle for posisjonar i ei ny regjering

Det unge FrP-talentet Kristine Lie frå Sogndal er eitt av dei heitaste namna til ein posisjon som politisk rådgjevar når den nye regjeringa no skal setjast saman.

Som dotter av Airlift-gründer og FrP-politikar Torbjørn Lie, fekk ho tidleg kunnskap om næringsliv og politikk. No er ho ei av dei som oftast blir nemnd som aktuell til ei rolle i den nye regjeringa.

Vil vurdere det nøye

For i tillegg til statsrådane skal det no peikast ut statssekretærar og ikkje minst ei rekkje politiske rådgjevarar.

– Dette er jo eit hypotetisk spørsmål, men det er klart noko eg ville vurdert veldig nøye dersom eg skulle få eit spørsmål om dette, seier Kristine Lie til NRK.no

Fleire andre unge Frp-arar ligg og godt an i løypa til å kome i desse posisjonane, mellom anna FpU-leiar Himanshu Gulati. Han har budd mesteparten av livet i Oslo, men er fødd i Førde og budde i Lavik der faren Ravi var distriktslege.

Dette er jo eit hypotetisk spørsmål, men det er klart noko eg ville vurdert veldig nøye dersom eg skulle få eit spørsmål om dette

Kristine Lie (FrP)

Kartleggjer namn

Valekspert Knut Henning Grepstad er overtydd om at Sogn og Fjordane også denne gongen vil få fleire av sine folk inn i regjeringskontora.

– Eg vil tru at partistrategane, og dei som sit sentralt i desse fire partia i Sogn og Fjordane, no driv ei intens kartleggjing av aktuelle namn. Både til statsrådposisjon, og til statssekretær- og rådgjevarrollene. Det som då skjer er at alle partia har sterke ønskje om å få folk frå sine fylke i sentrale posisjonar og Sogn og Fjordane må få sin rimelege del her, seier Grepstad.

– Høg grad av tillit

Sogn og Fjordane Høgre vil no kjempe hardt for at deira toppkandidat Bjørn Lødemel kjem inn som statsråd i Erna Solberg si første regjering. Fylkesleiar Arve Mjømen meiner det vil vere heilt naturleg.

– Han har vore ganske høgt oppe i systemet og i det ein kallar dei «indre gemakker» i partiet ganske lenge. Han har ei høg grad av tillit sentralt i Høgre. Eg forventar at han er ein av dei Erna Solberg har på lista si når forhandlingane tek til no etterkvart, seier Mjømen til NRK.no.

Lødemel som landbruksminister?

– Men kva statsrådpost meiner du vil høve best for Bjørn Lødemel?

– Han er jo ein allsidig mann, både på kommunal og samferdsle, men ikkje minst synes eg han vil høve som landbruksminister.

Mjømen nemner også Bjørn Hollevik, Ole Gunnar Krakhellen og fleire andre som aktuelle namn for posisjonar i ei ny regjering.

Eit anna namn som også stadig blir nemnd og som kan vere aktuell til ein statsrådpost er tidlegare ordførar i Gulen, Trude Brosvik (KrF).

Men også ho er nøye på å avvente eventuelle telefonar frå partileiaren, og ikkje minst; at KrF faktisk blir med i den nye regjeringa.

Fleire frå fylket på toppen

Knut Henning Grepstad peikar på at det høvesvis har vore mange frå Sogn og Fjordane som har hatt ulike roller i dei to Stoltenberg-regjeringane. Han nemner ikkje minst Bård Vegar Solhjell frå Naustdal, Liv Signe Navarsete frå Sogndal / Lærdal og Heidi Grande Røys frå Florø.

– På statssekretærpostar har vi hatt fleire, og vi har hatt veldig mange personlege rådgjevarar. Sogn og Fjordane er godt vande, og eg vil tru at våre lokale partileiarar vil stå på for å få sine inn i sentrale posisjonar no også, seier Grepstad.

Brosvik kan vere aktuell

Fleire av dei sentrale politikarane i Sogn og Fjordane blir også trekt fram. Ikkje minst den svært røynde KrF-politikaren Trude Brosvik frå Gulen.

Ho hadde på førehand ein draum om at ho ville klare utjamningsmandatet som Sveinung Rotevatn no ser ut til å stikke av med.

– Om eg blir spurt, så vil eg vurdere det, meiner Brosvik, som mellom anna har vore ordførar i Gulen og har ei høg stjerne internt i Kristeleg Folkeparti. Ho arbeider i dag som kyrkjeverje i heimkommunen.

Lang organisasjonserfaring

Også fiskeindustrimannen Rolf Domstein er eit heitt namn. Han har lang erfaring frå Høgre-arbeid, og har sterk kompetanse særleg innan fiskeri. Han har ikkje svart på telefon tysdag.

Nemnd blir også Venstre sin 2. kandidat til Stortingsvalet, Gunhild Berge Stang. Ho har forholdsvis liten politisk erfaring, men har lang erfaring frå organisasjonsarbeid.

Ho var mellom anna leiar i Noregs Ungdomslag i fleire år, men jobbar no som rådgjevar i kulturavdelinga til fylkeskommunen i Førde.