NRK Meny
Normal

Desse kan få Luttprisen 2016

I fjor vart Arle Hjelmeland og Good Time Charlie kåra til årets artist frå Sogn og Fjordane. No kan du vere med å bestemme kven som skal få årets pris.

Luttprisen

PRISVINNAR: Arle Hjelmeland og resten av Good Time Charlie fekk Luttprisen i 2015. Her under utdelinga i Høyanger i fjor der det var dottera, Luttprisvinnar 2014, Thea Hjelmeland som delte ut prisen.

Foto: Christian Blom / NRK

12 artistar frå Sogn og Fjordane er plukka ut som finalistar til Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane 2016.

No kan publikum røyste på sin favoritt via nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Ein fagjury skal også gi sine røyster saman med folkerøystene før vinnaren vert åra.

Prisen er eit diplom av Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Du kan røyste ein gong i døgnet per ip-adresse fram til 8. desember.

Omtale av artistane finn du under røysteskjemaet.

Laster innhold, vennligst vent..

Eva Weel Skram

Eva øvar på sin nye song som hadde urpremiere på Åmot gard
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Eva har hatt eit fantastisk år, som starta med deltaking i TV-programmet "Hver gang vi møtes." Her gjorde ho fleire av sine tolkingar på norsk, og fekk seg eit nytt og enno større publikum. Samstundes som karrieren skaut veldig fart vart ho og ektemannen Thomas foreldre til sitt første born. Likevel har dei to i heile år spelt konsertar så godt som kvar einaste veke rundt om i landet. NRK har laga eigen TV-konsert med ho, og ho skal delta i fleire TV-program før jul med låten ho har laga til årets julekalender på NRK.

Iselin Solheim

Iselin Solheim
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Iselin si vakre songstemme er av dei mest spelte og strøymde det siste året. Ho syng på begge dei store hitlåtane til bergensartisten Alan Walker. Med låtane Faded og Sing Me To Sleep har Alan Walker på kort tid blitt ein av verdas mest suksessfulle artistar. For Iselin har dette gjeve ho eit nytt og stort publikum over heile verda. Iselin har mellom anna fått synge på VG-lista på Rådhusplassen, X-games og då VG-lista besøkte heimfylket og Førde.

Erlend Apneseth

Erlend Apneseth
Foto: Rune Fossum / NRK

Med albumet "Det andre Rommet" har Erlend Apneseth Trio laga ei plate som har fått overveldande omtale både i inn og utland. Han er ein av dei beste hardingfelespelarane, og har imponert stort med sin improvisasjonsteknikk. Han fekk også ein Folkelarmpris for sitt siste album.

Vilde og Anna

Anna Naustdal og Vilde Hjelle vant MGPjr 2016
Foto: Terje Pedersen, Scanpix

Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Nordfjordeid vann i november finalen i MPG-junior i Oslo Spektrum. Med den sjølvlaga låten "Vestlandet" sjarmerte dei publikum til siger. Det resulterte i at dei no skal landet rundt og spele for utselde hus på MPG-junior sin juleturne, og dei skal opptre Julemorgen og i Kvelden før kvelden på NRK TV.

Kjartan Lauritzen

Kjartan Lauritzen
Foto: Øystein Torheim

Den unge rapparen frå Balestrand har verkeleg fått eit viktig gjennombrot I løpet av 2016. Med låten fredag er han lista på NRKP3 og tatt ut som ein av dei første artistane til Bylarm neste år. Låten "Havanna" er spelt av over ein million gonger på Spotify. Lauritzen vann NRK Sommarlutt-prisen for sin konsert på Malakoff Rockfestival.

Line Dybedal

Line Dybedal på Seljesanden
Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Line gav ut sitt debutalbum i 2016. Men sterke låtar på norsk har ho fått mykje speling på norges største radiokanal NRK P1. Ho har fått spelt både på store og små scener, og på TV i løpet av året. Samstundes har ho blitt mamma for første gong, og flytta heim til Selje for å drive vidare med musikken derifrå.

Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal
Foto: Sigrid Winther

Gro Marie gav ut albumet sitt "Eilov" i 2016, og har fått mykje rosande omtale for dette. Musikaren frå Jølster er blant landet sine mest aktive utøvarar på hardingfele. Ho har halde solokonsertar i inn- og utland, opptredd som solist med Forsvarets stabsmusikkorps, medverka i teaterproduksjonar som musikar, komponist og skodespelar, turnert med Rikskonsertane, samt halde kurs og seminar. Ho var også nominert til folkelarmpris for albumet.

Lothe

Odd-Erik Lothe under Julelutt 2012.
Foto: Øystein Torheim

Odd-Erik Lothe sitt band gav ut nytt album i 2016. Frå dette har NRKP1 henta fleire låtar du er spelt hyppig. Bandet har også turnert mykje med albumet som fekk namnet Brevet. Historia om ein ukjend forfattar av teksten "Til Deg" fekk også mykje merksemd, og jakta førte fram til tekstforfattaren.

Indigo Child

Indigo Child i Spektrum
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Dei unge musikarane frå Nordfjordeid lagar musikken sin sjølv, og har dei siste åra imponert mellom anna under UKM. Under finalen i MGP junior var dei pauseinnslag, og i sommar stod dei mellom anna på scena under NRK SommarLutt frå Malakoff Rockfestival. Deira første låt er spelt mykje det siste året på NRK Sogn og Fjordane.

Tungevaag & Raaban

Tungevaag og Raaban
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Martin Tungevaag frå Stad er halvparten av duoen Tungevaag & Raaban. Dei to har enorm suksess rundt om i verda. Berre låten "Samsara" er strøyma nesten 100 millionar gonger på Spotify. Dei spelar på store festivalar i inn og utland, og stod mellom anna på scena under VG-lista i sommar.

Lovespeake

Alexander Pavelich og Lovespeake
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Alexander Pavelich sitt nye band Lovespeake lanserte albumet sitt under årets Bylarm. Bandet har fått mykje god omtale og radiospeling i mellom anna NRK P3. Dei har også gjort fleire større konsertar, mellom anna på heimebane under Malakoff Rockfestival. Bandet er også tatt med i fleire store spelelister rundt om i verda.

Steinar Engelbrektson

Steinar Engelbrektson
Foto: Erik Forfod

Med albumet "Ting som kan friste" fekk Steinar og bandet god omtale. Dei var mellom anna finalistar i kampen om prisen som årets artist i Gullskoen. Bandet er eit av dei mest aktive i Sogn og Fjordane.

Vegopning på Bergum i Førde kommune