Hopp til innhold

I dag seier denne Høgre-mannen nei til Kinn

I ettermiddag skal politikarane i Vågsøy avgjere om dei vil forsøke å reversere samanslåinga til Kinn kommune. Ei delt gruppe frå Høgre kan verte avgjerande i røystinga.

Kjell Gunnar Tennebø

VIL REVERSERE: Kjell Gunnar Tennebø er ein av Høgre-politikarane i Vågsøy som vil røyste for ei reversering av samanslåinga til Kinn kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Etter at eit fleirtal av innbyggjarane i Vågsøy tysdag røysta mot ei samanslåing med Flora til Kinn kommune, må lokalpolitikarane på nytt ta stilling til samanslåinga i ettermiddag. Medan dei fleste partia verkar å vere samla i synet på den nye kommunen, er medlemmane av Høgre-gruppa delte.

Onsdag kveld vart det klart at fem av medlemmane vil røyste mot ei reversering av samanslåingsvedtaket, medan tre vil røyste for. Dette vil mest truleg sikre eit fleirtal mot reversering.

NRK har vore i kontakt med politikarane i Høgre-gruppa for å høyre kva dei har tenkt å røyste:

Morten Hagen

VIL IKKJE KOMMENTERE: Gruppeleiar Morten Hagen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Gruppeleiar Morten Hagen ønskjer ikkje å kommentere kva han kjem til å røyste i forkant av kommunestyremøtet.

Kjell Gunnar Tennebø vil røyste for reversering. Tennebø seier at dette primært er fordi han vil høyre på folket sitt råd, og då følgje resultatet av folkerøystinga.

– Med ei fordeling på 60 mot 40 prosent er det tydeleg kva folket vil, seier Tennebø.

Amund Gotteberg ønskjer ikkje å kommentere kva han kjem til å røyste i forkant av kommunestyremøtet.

Paul Inge Angelshaug

FOR REVERSERING: Paul-Inge Angelshaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Paul-Inge Angelshaug vil røyste for reversering. Han ønskjer ikkje å seie noko om kvifor han har valt dette, men seier at han har full respekt for det den enkelte i Høgre-gruppa har kome fram til.

Ørjan Kvalheim vil røyste mot reversering. Han meiner det er viktig for Vågsøy å verte ein del av ei større kommune, mellom anna for å få skape fleire offentlege arbeidsplassar og gje betre tenester til innbyggjarane.

– Det er også eit spørsmål om økonomi, og på lang sikt trur eg kommuneøkonomien vil verte betre av ei samanslåing, seier Kvalheim.

NRK har ikkje lukkast i å få kommentarar til saka frå Anett Berg, Kristian Skibenes og Rolf Domstein.