Hopp til innhold

Kjenner du att desse julekakene?

Då sogningen opna bagasjeluka måndag føremiddag fekk han seg ei overrasking. For bak i bilen låg heimelaga julekaker ingen veit kor kjem ifrå.

Julekaker hamna i feil bil

KVEN EIG DESSE: Heimelaga smultringar og krumkaker låg i bilen til ein mann i Sogn i dag føremiddag. Han veit ikkje kvar dei kjem ifrå.

Foto: privat

– Det må jo vere nokon som rett og slett har lagt dei i feil bil. Eg kan ikkje forstå noko anna, fortel far til han som fann kakene.

Sonen skulle berre av å kjøpe mjølk til frukost, men då han opna bagasjeluka og skulle setje frå seg varene, såg han noko som han ikkje kjende att.

– Det var ein kakeboks med krumkaker og ein pose med smoltringar. Alt var heimelaga. Sonen min trudde først det var vi som hadde lagt det der, men det er det ikkje, seier sogningen som vil vere anonym.

Bilen som er ein kvit Wolksvagen Caddy har stått både på parkeringsplassen framfor Sogningen storsenter i går, og framfor Kaupangsenteret i føremiddag. På eit eller anna tidspunkt har nokon sett kakene sine i feil bil, fortel eigaren.

Dei har ikkje smakt på kakene og håpar no at dei skal finne den rette eigaren før jul.

– Det er jo veldig synd for dei som har lagt kakene der og det er jo dumt om ikkje dei skulle få kakene sine til jul.

Kakeboksen er raud med nissar på og smultringane låg i ein pose.