NRK Meny
Normal

Dette laget tok førsteplass i kokkekampen

Den fullstappa kantina eksploderte i øyredøyvande jubel då gourmetkokken Ole Jonny Eikefjord avslørte at laget frå Førde ungdomsskule vann kokkekampen.

Gå til forsiden

Kokkekampen 2017, Mo og Øyrane VGS

Elevar frå Førde ungdomsskule i Kokkekampen

Kokkekampen 2017, Mo og Øyrane VGS

24 bilder

    – Det var veldig flott å vinne, etter hardt arbeid heile vegen. Vi synest det er fortent, seier ein smilande Ruben K. Ehmaparam.

    Førde ungdomsskule sin hovudrett

    HOVUDRETT: Pannesteikt laks, marinerte grønsaker og omnsbakte poteter. Vi hadde også ein lokal variant av tzatziki, med ramsløk i staden for kvitløk.

    Foto: David Kandal / NRK

    Dei aspirerande kokkane frå Førde ungdomsskule presenterte ein hovudrett og ein dessert. Mellom anna laga dei tzatziki med ein lokal vri, der kvitløk blei bytta ut med ramsløk.

    – Vi må jo vurdere kokkeyrket vidare, når vi er så fantastisk gode, legg Ehmaparam til.

    Kor mange av dykk fire kjem til å ende opp som kokkar?

    – Det veit eg ikkje, men eg tippar på to, seier Helene R. Eimhjellen.

    Imponerte gourmetkokken
Ungdomsskulelaget tok førsteplass i Kokkekampen

    SJÅ VIDEO: Frå kokkekampen

    Imponerande dessert

    Ole Jonny Eikefjord har sjølv gått på kokkeskule i Førde og no driv han seks restaurantar i Oslo. I dag var han heime for å vere dommar i kokkekampen.

    Ole Jonny Eikefjord

    STARTA I FØRDE: Ole Jonny Eikefjord starta karrieren på Sunnfjord hotell. No driv han mellom anna Restaurant Eik i Oslo, som har fått utmerkinga «Bib Gourmand» i Michelinguiden.

    Foto: David Kandal / NRK

    Det var fleire enn vinnarlaget som imponerte. Mellom anna elevane frå Vassenden, som laga ein utsøkt dessert.

    – Desserten som dei laga i dag kunne eg servert på ein av mine restaurantar, sa ein fornøgd Eikefjord frå scena.

    Dessert frå Kokkekampen

    IMPONERANDE: Desserten til Vassenden fekk skryt av gourmetkokken, som sa han kunne servert den på ein av sine restaurantar.

    Foto: David Kandal / NRK

    Må rekruttere fleire til matfag

    Mo og Øyrane VGS tar grep for å få fleire søkarar til Restaurant- og matfag. Ei linje som har vore prega av nedgang. I år var tala så låge at dei måtte kutte ei av klassene som var planlagd.

    Bodil Erdalsdal

    FLOTT YRKE: Bodil Erdalsdal har hatt mange år i yrket, og håpar arrangement som kokkekampen kan gjere at ungdommane får auga opp for matfaget.

    Foto: David Kandal / NRK

    – Vi har vore oppe i seks klassar, men no er vi nede på ei klasse på VG1 og ei på VG2 til hausten, seier Bodil Erdalsdal.

    Ho er faglærar på skulen og innrømmer at arrangementet i dag er ein direkte konsekvens av dei låge tala.

    – Vi må vise oss fram for å få ungdommane på banen, for det er eit kjempeflott yrke. Spenning frå morgon til kveld,

    Ole Jonny Eikefjord starta sjølv si karriere i Førde. Han forstår ikkje kvifor talet på søkarar har gått ned.

    – Eg trudde det var kulare enn nokon gong å vere kokk. No er det jo matprogram på TV og kule kokkar i hytt og pine, seier Eikefjord.

    Eikefjord har ingen problem med å anbefale yrket sitt.

    – Unge folk må få seg eit arbeid der dei har det litt gøy. Det er derfor eg er kokk.

    Førde ungdomsskule vann Kokkekampen

    GLADE VINNARAR: Niandeklassingane Marita Hornes, Oskar Brennestad, Ruben K. Ehmaparam og Helene R. Eimhjellen stakk av med førsteplassen i kokkekampen 2017 på Mo og Øyrane VGS.

    Foto: David Kandal / NRK
    Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
    Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
    Ordninga bør endrast