NRK Meny
Normal

Desse hundane kan meir enn dei fleste

Medan mange hundeeigarar er nøgde med å lære hunden sin «gi labb» eller «bli», måler Zanto (10) og Kaiza (1) bilete, pakkar inn julegåver og mykje meir. Sjå dei artige videoklippa her.

Zanto og Kaiza

SMARTE DYR: Zanto (i førarsetet) og Kaiza er godt nøgde når dei får lov til å lære seg nye ting.

Foto: Torhild M. Hansen

I fleire titals videosnuttar imponerer storpudlane Zanto og Kaiza med alle moglege slags kunstar. Nokre av dei kan du sjå lenger nede i denne saka. Heime i Hyllestad har matmor Torhild M. Hansen lært hundane store mengder med triks, samt andre evner, som blant anna sporing og lydigheit.

No har dei blitt allemannseige i videosnuttane som ho har lagt ut på nettsida si og andre nettsider. I advent har videoane på ein måte fungert som ein julekalendar.

– Det er ikkje nok for ein hund å berre gå tur. Det er greitt nok at dei treng å røre på seg, men det er smarte dyr og dei treng å bruke hovudet, seier Hansen.

Delar triksa opp i små bitar

Kaiza (og Zanto)

KUNSTNAR: Kaiza med målekosten.

Foto: Torhild M. Hansen

Men slik trening krev tolmod og positivitet.

– Det er viktig å dele opp ein komplisert ting i mange små bitar slik at kvar bit blir enkel å lære inn. Deretter set ein det saman til ein heilskap. Ein må på ein måte lage delmål.

Og det er også slik det føregår i videoane ho legg ut. I eine videoen ser vi at hundane måler bilete. Der måtte dei til dømes få beskjed om å hente papp frå overetasjen som skulle beskytte gulvet, men kor lenge dei vil bruke kva farge, og korleis dei vil måle, vel dei sjølv.

Eg står som ein heiagjeng i bakgrunnen, men det er dei som gjer jobben

Torhild M. Hansen

– Dei får meir belønning dess meir kreative dei er, slik at dei ikkje berre måler opp og ned. Eg står som ein heiagjeng i bakgrunnen, men det er dei som gjer jobben.

Men når Zanto skulle pakke inn julegåve i ein annan videosnutt måtte han naturleg nok få litt hjelp. Der festa matmor teipen og let han heller dra den litt rundt gåva.

Gir ut bøker

Det heile begynte på 70-talet då Hansen fekk seg hund, men først på 90-talet blei det avansert, då ho fekk ein rottweiler som krevde mykje heile tida. I seinare tid har Hansen fått seg digitalt kamera og då begynte ho med filminga. Undervegs har ho gått på mange ulike hundekurs samt heldt kurs sjølv.

(Artikkelen held fram under videoen)

Og videosnuttane på nettet er ikkje det einaste trikslæringa har resultert i. Hansen har nemleg trassa dysleksien og gitt ut fleire bøker om det å lære hundar triks og sporing. I tillegg har ho gitt ut fleire bøker, blant anna «Robin og Zanto reddar julen» som er ein av fem bøker i serien.

– Å, nei. Det går ikkje i pluss eingong. Det er jo avhengig av at folk finn nettsida mi. Nokre av bøkene har gått i balanse, men andre må eg nok selje ein del meir av før eg kjem på plussida.

Dei synest det er moro. Dei føler at dei er flinke, og dersom det er éin dag utan trening ser dei litt skuffa ut

Torhild M. Hansen

Men ifølgje Hansen er det meir enn ein hobby enn eit mål om å tene pengar. Det var ei oppmuntring på eit forum på nettet som var starten på bøkene, der fleire meinte ho burde skrive. Ein norsklærar melde seg til å hjelpe ho med rettskrivinga, og dermed var det i gang.

– Målet er å vise litt innlæringsmetodar. Eg har vore på ein del kurs der eg er ueinig i opptrening av hundar, litt sånn «vil du ikkje, så skal du» eller monoton beløning, der ein ikkje varierer måten å belønne hunden. Det er viktig for å unngå at hunden går lei. Eg kastar ofte godbitar slik at dei må jakte på den for å få den.

Prøvde å apportere kamerastativet

Hovudsakleg brukar ho såkalla «klikkartrening» og positiv forsterking. Hundane får ros når dei gjer noko bra. Og kameraet legg dei stort sett ikkje merke til.

Torhild Marie Hansen og hundane

MYKJE ERFARING: Torhild M. Hansen har bygd seg opp lang erfaring med hundetrening på ulike plan. Her er ho saman med Zanto og Robin. Robin døydde for nokre år tilbake.

Foto: Privat

– Dei overser det stort sett, bortsett frå den gongen Zanto prøvde å apportere kamerastativet. Det gjekk ikkje heilt bra, seier Hansen og ler.

Ho fortel at hundane tykkjer treninga er moro.

– Dei synest det er moro. Dei føler at dei er flinke, og dersom det er éin dag utan trening ser dei litt skuffa ut. Då går dei rundt og leitar og lurer på kor treninga blir av. Når dei er flinke så feirar vi med å leite etter ein ball eller klokka mi eller noko anna. Det å finne ting er noko av dei kjekkaste dei veit.

Får god respons - no skal dei lære puslespel

Hansen har fått ein god del respons på Facebook, ein av plassane ho legg ut filmar. I advent har ho lagt ut ein video annankvar dag.

– På Facebook har det berre vore positiv respons. Ein dag hadde eg det litt travelt og eg gløymte å legge inn video på alle plassane på Facebook, og då vart det etterlysing. Då var det nokon som sa at dagen var redda når videoen var komen inn.

Og triksa tek ikkje slutt sjølv om advent er over. No held Hansen på å lære Zanto og Kaiza å leggje puslespel.

– Det er sånne store bitar med tal. Vi veit ikkje om vi kjem i mål, men vi har det moro medan vi trenar og det er det som er poenget. Om vi får det til får det vere ein bonus.

Må tilpasse til kvar enkelt hund

Ifølgje Hansen er det viktig å vere merksam på at hundane har ulike personlegheiter og at ein difor må tilpasse treninga til dei enkelte.

Zanto og Kaiza

LEIKAR: Zanto og Kaiza trivst i selskap med kvarandre, og når dei får leike seg litt ekstra.

Foto: Torhild M. Hansen

– Robin hadde veldig dårleg sjølvtillit, så då måtte eg vere veldig begeistra, og eg måtte leggje opp til at han skulle meistre. Difor måtte eg gjere det så enkelt at det var vanskeleg å gjere feil. Zanto hadde derimot veldig mykje meir sjølvtillit når han var ung, og har det forsåvidt endå. Han såg på seg sjølv som universets navle, alt dreidde seg om han. Der måtte eg roe meg ned litt, fortel ho.

Og blir hundane lei, er det berre hennar eigen feil, slår ho fast.

– Det er viktig å gi seg når det er mest kjekt, og gi seg før han blir sliten. Det er også viktig å avslutte med noko som eg veit han får til, slik at han får ei positiv avslutning. Er det for vanskeleg må ein også gjere det enklare, seier Hansen.

– Vi vil jo gjerne at hunden skal lukkast, det er den kjensla vi er ute etter, og den gjer hunden så glad. Det er det som er så moro, når du ser på heile dei korleis dei lyser opp når dei får det til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.