Hopp til innhold

Desse hårstråa viste ingen spor etter ulv

Hårprøvene som vart sendt inn til undersøking etter mistanke om ulv i Eid, var ikkje nok til å stadfeste at det har vore ulv i området.

Spor etter ulv

IKKJE ULV: Desse hårprøvene vart sendt inn etter at fleire i Eid hevda å ha sett ulv.

Foto: Vidar Gudvangen/ NRK-tipsar / NRK

Sidan sommaren har det vore gjort fleire synsobservasjonar av ulv i Eid kommune. For to månader sidan det vart sendt inn hårprøver.

– Det var ingen match på ulv. Grunnen kan anten vere at det ikkje var fungerande DNA, eller at arten var for langt vekke frå ulv. Rev og hund ligg så nært artsmessig at dei kan vi lese, medan andre artar ligg for langt unna, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.

«Ulv» måndag synte seg å vere rev

Ifølgje han har det vore mange observasjonar i Eid og omegn, men svært få er kontrollert fordi meldingane har kome seint inn eller fordi det har vore dårleg vêr. Dermed har ein ingen dokumentasjon på om det faktisk er ulv i Nordfjord.

Seinast i dag trudde Anne Leivdal at ho såg ulv på skogsvegen på Ytrehorn i Hornindal.

Anne Leivdal meiner ho såg ulv i Hornindal

VART SKREMT: Anne Leivdal sprang av garde då ho såg det ho trudde var ulv.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg gjekk eit lite stykke opp gjennom, og plutseleg ser eg ein stor hund, grå med tjukk rumpe. Ulv. Det var heilt nifst, fortel Leivdal.

Rovviltkontakt i Nordfjord, Ingolf Folven, var ikkje overraska då han høyrde dette, for det har vore meldt om mange observasjonar. Men seinare måndag kveld har han vore i området for å undersøkje det nærare.

– Vi fann ingen spor etter ulv, og det var fine forhold, så hadde det vore ulv, så hadde vi nok funne spor. Vi fann derimot mange spor etter rev. Slik ho har skildra dyret kan det tyde på at det var ein hybridrev. Desse er meir grå og mørk i pelsen, seier Folven.

Leivdal fortalde tidlegare i dag at ho såg dyret på tjue meters avstand.

– Det var skummelt. Eg sprang, og eg datt. Når eg hadde summa meg gjekk eg opp att for å ta bilete av spora, men det var ikkje hjelp i, for det var så hardt.

Folven trur misforståinga kan ha noko med vinkelen å gjere, og seier det er fort gjort.

Ber folk ta kontakt med det same

Leivdal har likevel ei viktig oppmoding til dei som trur dei ser ulv.

Ingolf Folven

VIL HA FERSKE SPOR: Rovviltkontakt Ingolf Folven seier det er avgjerande at dei raskt får beskjed om moglege observasjonar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det litt dumt å få vite slikt gjennom media og ikkje få melding med ein gong noko slikt blir observert. Det er absolutt interessant å sjekke spora, og gjerne følgje dei eit stykke for å prøve å finne hår eller ekskrement slik at ein kan få DNA på dyret og dokumentert kva det er for noko.

Han får støtte av Golf i Statens naturoppsyn.

– Vi er avhengige av ferske spor for å kunne dokumentere kva det er, seier han.