Hopp til innhold

Desse gir full hybeldekning og lågare prisar

SOGNDAL (NRK): Nye studentbustader gjer at det blir tilnærma full hybeldekning og at prisane vil bli pressa ned. Det gjer at leigesituasjonen i Sogndal skil seg frå den mange studentar i landet må kjempe med.

Skisse nye studenbustader

150 NYE: 150 nye studenbustader vil gje tilnærma full hybeldekning i Sogndal. Det i sterk kontrast til situasjonen for få år sidan.

Foto: Arkitektkontoret 4B AS

Dei siste åra har det vore problematisk å finne hyblar til alle studentane i Sogndal. Men når dei 150 nye studenthyblane i Nedrehagen er ferdig bygde hausten 2016, vil det vere tilnærma full hybeldekning i saftbygda.

– Det har betra ser veldig på hybelfronten. Både studentsamskipnaden og private aktørar har bygd hyblar dei seinaste åra, seier administrerande direktør i studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt.

Norsk studentorganisasjon har eit mål om studentbustad til 20 prosent av norske studentar. I dag er dekninga 14 prosent, og Studentbustadundersøkinga for 2015 viser at det manglar 13251 bustader for å nå dette målet.

Magnus Melvær

VIL HA STUDENTBUSTAD: Magnus Melvær bur i dag i privateigd hybel, men kunne godt tenke seg studentbustad når dei nye står ferdige til hausten.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Presser prisane ned

Sjølv om Sogndal nærmar seg full dekning, såg situasjonen ganske annleis ut for nokre år sidan. Ved studiestart i 2010 stod så mange som 270 studentar utan hybel, og sovesalar måtte nyttast ved studiestart.

Sjøholt seier det er hybel til alle i dag, men vedgår at standarden ikkje alltid er like god. Nokre private utleigarar har utnytta den kritiske situasjonen for tre, fire år sidan, og teke høg pris for låg kvalitet. Sjøholt trur det nye hybelhuset vil betre på situasjonen.

Randi Marie Sjøholt

ADMINISTRERANDE DIREKTØR: I studentsamskipnaden, Randi Marie Sjøholt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi pressar privatmarknaden til god kvalitet til riktig pris. Det skal ikkje vere for lav pris, men riktig pris i forhold til kvaliteten. Vi har erfart at studentar ikkje alltid har fått det, seier ho.

Politisk nestleiar i Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Arlene Henneli, trur og håpar dei nye bustadane vil presse private til å heve standarden.

– Nokre hyblar er heilt sikkert topp, men andre er ikkje nyoppussa og tek likevel mykje av månadsbudsjettet, seier Henneli.

Skisse studentbustader Sogndal

NØGDE STUDENTAR: Både studentpolitikarane og studentane håpar og trur på billegare bustader i heile Sogndal når teikningane har blitt til ferdige produkt.

Foto: Arkitektkontoret 4B AS / NRK

Positive studentar

Magnus Melvær frå Florø bur i dag i ein privateigd hybel. Han kan godt tenke seg å søke plass i dei nye hyblane i Nedrehagen til hausten.

– Det blir jo ein litt betre standard og det er vanlegvis ganske rimeleg å bu i studentbustader. Det blir veldig greitt å bu nære andre studentar, så det kunne eg godt tenke meg, seier han.

Kenneth Helland

KENNETH HELLAND.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Kenneth Helland frå Vik har budd på hybel i Sogndal både på vidaregåande og no på Høgskulen. Også han er glad for eit større tilbod.

– Det er veldig høge prisar for kva du får, fordi det har vore stor mangel på hyblar. Eg håpar dei går ned, seier Helland.