Hopp til innhold

Desse går vidare til UKM i Høyanger

Fredag konkurrerte ungdommar frå kommunane Jølster, Gaular Naustdal og Førde om kven som skulle gå vidare til Ungdommens Kulturmønstring

Dans

DANS: Lacuna, Dans 5AM, med Hedda Marie Lid Håvik, Ingrid Anie Natvik Tvedt, Sophie Bruland, Synnøve Kvangarsnes Løland, Thea Kvangarsnes Løland, Vilde Blindheim Bjørnetun

Foto: UKM

Deltakarane var fordelte over 15 sceneinnslag, 41 kunstinnslag fordelt på 21 kunstnarar. I tillegg deltok 17 Sal og scene frå 9. trinn ved Førde ungdomsskule som unge arrangørar ved lokalmønstringa.

Fagpanelet vart leia Katrine Sele. Elles sat Erlend Os, Josefine Horstad Øverås, Kristine Berg, Karen Helga Maurstig og Gregory Idehen i panelet.

Inspirerande

– Det har vore ei stor glede å oppleve 65 ungdommar som har bidrege med kunstverk eller sceneframføring. Alle har synt at dei har noko dei vil ha sagt til verda. Å ta steget og faktisk gjere det, er imponerande og inspirerande, skriv juryen i ei pressemelding.

– Vi fekk sjå og høyre stor musikalitet, danseglede, kunstnerisk kreativitet, innleving og mot. Det gjer inntrykk og rører ved hjarte, heiter det vidare i pressmeldinga.

Særeigne uttrykk

– Ekstra gledeleg er det å sjå at det er fleire som vender tilbake til UKM år etter år, og at utøvarane veks med erfaring, og utviklar sitt eige særeigne uttrykk. Musikken, kunsten eller dansen har meir og meir blitt ein del av kvardagen deira. Vi håper at alle som deltok, held fast ved kunsten, og lar den vere ei kjelde til glede og styrke resten av livet, skriv juryen

Fagpanelet har bestemt at følgjande innslag skal representere Førde, Jølster, Naustdal og Gaular på UKM festivalen i Høyanger 13–15 april.

Gaular:

Kunst:

Victoria Santistevan, «Animie»
Mona Lene Bjørvik "Montebresia"

Scene:

Sara Rose Zadig Sang og piano People help the people”

Naustdal:

Scene:

Sunniva Johannessen Piano « Melankolsk fisk»

Synnøve Skjærli, Song og gitar “In case you didn't know”

Anne-Bjørg Ryssdalsnes Dombestein, Song, “Sorry”

Kunst:

Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes «Jødiske barnesko frå 2. verdskrig»

Una Claussen Thingnes 1850

«Jødiske barnesko frå 2. verdskrig» av Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes (Naustdal).

BILETKUNST: «Jødiske barnesko frå 2. verdskrig» av Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes

Foto: UKM

Førde:

Kunst:

Thale Eliassen Fink, «Lomme-venar»

Marius Dyngen “Powered by pi”

Ingrid Bolstad «Barn»

Jenny Heggheim Myklebust «Heim»

Scene:

Lacuna, Dans 5AM, med Hedda Marie Lid Håvik, Ingrid Anie Natvik Tvedt, Sophie Bruland, Synnøve Kvangarsnes Løland, Thea Kvangarsnes Løland, Vilde Blindheim Bjørnetun

Ivan Lorenzo Brendø

Song: You are the reason

Tobias Tyssedal Pastén

Gitar: Vicarious

Boys with the toys.

Song Strutter, Med Aksel Bjørkhaug (gitar), Andreas Flatjord (keyboard), Magnus Furnes Degnepoll (vokal, og gitar), Noah Løkeland (trommer), Ola Indrebø (bass)

Martin Kriken

Saksofon, Spain