NRK Meny
Normal

Desse går vidare til landsmønstring i UKM

Nesten 240 ungdomar deltok på Ungdomens kulturmønstring i helga. No har juryen plukka ut dei som får delta på landsmønstring i sommar.

Sofia Hyttedalen på UKM Sogn og Fjordane 2015

EIGEN SONG: 14 år gamle Sofia Hyttedalen frå Gloppen er ein av dei som juryen har sendt vidare til landstmønstring i sommar. Ho song sin eigen låt Fog under mønstringa i Førdehuset denne helga.

Foto: Sigrunn Mehl, Hafstad vgs.

Etter framføring av over 80 ulike sceneinnslag, gjekk juryen til sluttmøtet sitt søndag kveld. No er det endeleg klart kven av ungdomane som får syne seg fram på landsmønstringa saman med ungdom frå heile landet.

Stor variasjon

– Det har vore heilt fantastisk å få oppleve all den supre ungdomen frå Sogn og Fjordane. Dei har imponert, rørt, engasjert og underhaldt oss i to innhaldsrike dagar, seier juryleiar Ingebjørg Nomeland. Ho hadde også med seg Guro Haugen, Marie Mjåseth og Erik Henden Aaraas i juryen i år.

Dei fem sceneinnslaga som går vidare til landsmønstring er:

UKM Sogn og Fjordane

Sofia Hyttedalen (14 år) med den eigenkomponerte songen Fog, frå Gloppen.

Vil du dele videoen med Sofia Hyttedalen - Klikk her!

UKM Sogn og Fjordane

Iver, Halvor, Håvard og Oliver med sangen Jailhouse Rock, frå Bremanger. Halvor Nesbakk (17 år) vokal, Iver Senneset (16 år) gitar, Håvard Lågeide (16 år) bass og Oliver Igland (17 år) slagverk.

Vil du dele videoen med Iver, Halvor, Håvard og Oliver - Klikk her!

UKM Sogn og Fjordane

Ingrid og Malene med dans til sangen Sail av Awolnation, frå Gloppen. Ingrid Johansen ( 16 år) og Malene Solheim (15 år).

Vil du dele videoen med Malene - Klikk her!

UKM Sogn og Fjordane

Firda Crew med sangen Feeling good, frå Gulen. Camilla Haveland (17år) vokalist, Halvor Nesbak (16 år) piano, Håvard Lågeide(16år) bass, Oliver Igland (17år) trommer og Sindre Steig (17 år)blåseinstrument.

Vil du dele videoen med Firda Crew - Klikk her!

UKM Sogn og Fjordane

Tore Lødøen(16 år) på trommer med Ragga Twins, frå Hornindal.

Vil du dele videoen med Tore Lødøen - Klikk her!

Film til landsmønstring

Det vart også sendt vidare ein film frå UKM i Sogn og Fjordane. Dette vart Jonathan Hofslundsengen sin film Slaget ved Fimreite, frå Sogndal.

Kunst til landsmønstring

Blant kunstverka var det følgande som juryen sende vidare til landsmønstring:

  • Bildeserien «Money makes the world go´round» og «I`m lovin´it» av 13 AM / Anton Behme ( 14 år), frå Flora.
  • Den illustrerte forteljinga «Reisen til planeten Kjeks» av Daniel Moen (18 år), frå Høyanger.
  • Fotografiet «Empty» av Silje Larsen (16 år) frå Årdal.
  • Skulpturen «UGLE» av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal.
Gå til forsiden

Sjå bilete av kunsten som går vidare

Money makes the world go round - Anton Behme, Flora

Sjå bilete av kunsten som går vidare

5 bilder

    Kunstjuryen, som var samansett av Dagrun Reiakvam og Maria Hjelmeland, seier at utstillinga syner ei bredde i utrykk innanfor visuellkunsten, måleri, teikning, skulptur, foto og kunsthandtverk i form av sølvkunst og treskjering. Dei meiner dette lovar godt for rekrutteringa til feltet

    Her kan du sjå alle innslaga når du vil:
    Sjå alle innslag frå laurdag 1300 her
    Sjå alle innslag frå laurdag 1900 her
    Sjå alle innslag frå søndag 1200 her
    Sjå alle innslag frå søndag 1700 her

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser