Hopp til innhold

Desse går vidare til landsmønstringa i UKM

Over 300 unge har i helga stått på scena i Førdehuset eller vist fram kunsten sin. Her kan du sjå kven som gjekk vidare.

Kronisk Latskap and Friends

FØDD LATE: Ifølgje dei sjølv er dei fødd late og difor kallar dei seg Kronisk Latskap and Friends. Gruppa er frå Sogndal og gjekk vidare til landsmønstringa med låten R.E.S.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Julegåva gjekk vidare

GJEKK VIDARE: For Åshild Amdam (t.v.) var det åtte månader med hardt arbeid, for Aurora Austring var det ei gåve ho hadde ønskt seg i lang tid. I dag gjekk lappeteppet vidare til landsfinalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Martine Håland

SKRIV SONGAR SJØLV: Martine Håland frå Fjaler gjekk vidare til landsfinalen med ein sjølvlaga song.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

I løpet av fire konsertar skulle ein jury plukke ut dei som skulle gå vidare til landsmønstringa i Trondheim i juni.

Juryen fekk ei tøff oppgåve og seier at fylket har mange dyktige talent. UKM er ikkje ein konkurranse, men ei mønstring.

– Sjølv om ein skal velje ut nokon av innslaga til å representere fylket sin ungdomskultur på ei landsmønstring, er det viktig for er det viktig for oss å presisere dette.

Juryen var samansett av juryleiar Ingebjørg Nomeland, jury for sceneinnslag var Bjørn Berge, Jessica Ann Venø og Ole Kristian Norevik og jury for utstillinga var Inghild Sleire, Oddleiv Apneseth og Astrid Wittersø.

Her er dei som gjekk vidare til landsmønstringa:

Scene:

  • The Block Locks frå Gloppen med songen «Stranger». (Emil Horstad–16 år, Henning Lad–17 år og Oliver Igland–16 år)
  • Kronisk Latskap and Friends frå Sogndal med songen « R. E. S».
    (Eldar Bjelde Hustveit–17 år, Erik Kreken Neset–19 år, Georg Hageberg–16 år, Henrik Hovland–17 år, Kristoffer Rye Hanssen–16 år, Tobias Sæthre–17år)
  • Martine Håland, Fjaler 16 år, med sjølvlaga song «Scream and Shout» frå Fjaler
  • Knut Isdal Lindstrøm, Lærdal, 13 år med songen «Alla turca»
  • Simen Nesse Wiik frå Høyanger 15 år med songen «All Alone»

Litteratur:

  • Christianne Solvåg, 15 år, Selje: «Møtet», novelle

Utstilling:

  • Feda Hussein Ahmadi, 18 år, Nordfjordeid: «Emotions», måleri
  • Ida Petrin Heggheim, 15 år, Jølster: «Taeyang», teikning
  • Susanne Hwa Kinserdal, 17 år, Årdal: «Men kva er kjærleiken?», fotoserie
  • Åshild Kostøl Amdam, 16 år, Selje: «Lappeteppe», handarbeid

Det er ungdomsbedrifta Pixel UB ved Sogndal vidaregåande skule som står for TV-produksjonen. Oncue Music Productions frå Høyanger har hatt ansvar for lyden.

The Block Locks

The Block Locks på UKM i Sogn og Fjordane

VIDEO: The Block Locks med Gloppen med låta Stranger

Kronisk Latskap and Friends

Kronisk Latskap and Friends frå UKM i Sogn og Fjordane

VIDEO: Kronisk Latskap and Friends frå Sogndal med songen R.E.S

Martine Håland

Martine Håland med Scream and Shout på UKM i Sogn og Fjordane.

VIDEO: Martine Håland frå Fjaler med Scream and Shout

Knut Isdal Lindstrøm

Knut Isdal Lindstrøm på UKM i Sogn og Fjordane.

VIDEO: Knut Isdal Lindstrøm frå Lærdal med Alla turca

Simen Nesse Wiik

Simen Nesse Wiik på UKM i Sogn og Fjordane.

VIDEO: Simen Nesse Wiik frå Høyanger med All Alone

Christianne Solvåg

Christianne Solvåg frå UKM i Sogn og Fjordane

VIDEO: Christianne Solvåg frå Selje med novella Møtet

Her finn du opptak av alle dei fire konsertane i helga:

UKM Sogn og Fjordane konsert 1 laurdag klokka 13

SJÅ KONSERTEN: UKM-konserten laurdag klokka 13

UKM Sogn og Fjordane konsert 2 laurdag klokka 19

SJÅ KONSERTEN: UKM-konserten laurdag klokka 19

UKM Sogn og Fjordane konsert 1 søndag klokka 12

SJÅ KONSERTEN: UKM-konserten søndag klokka 12

UKM Sogn og Fjordane konsert 2 laurdag klokka 1

SJÅ KONSERTEN: UKM-konserten søndag klokka 17