Hopp til innhold

Desse går vidare til landsfestivalen i UKM

Fagpanelet har bestemt seg for kva kulturinnslag som skal representere Sogn og Fjordane under den nasjonale UKM-festivalen seinare i vår.

fagpanelet til UKM

HAR BESTEMT SEG: Fagpanelet, med Line Dybedal, Jonas Øren, Miriam Prestøy Lie, Annika Beinnes, Dora David, Andreas Eikeseth Nygjerd og Birgitta Ralston, har bestemt seg for kven som representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Sandnes 21.–25 juni.

Foto: Wibeke bruland / NRK

300 ungdomar frå heile fylket fylte Høyanger med liv og røre frå start til slutt i helga.

I løpet av UKM-festivalen 2017 bydde ungdomane på sceneframsyningar, utstillingar, nattbad, workshops, konsertar og mykje leik og moro ut i dei små timar.

– Vi er stolte over å kunne vere med å vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1300, stadfestar dette inntrykket, fortel Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.

– Ikkje konkurranse

Kring 870 deltok på dei lokale mønstringane i kommunane. UKM skal vere ein møteplass for ung kultur.

Sjølv om ein skal velje ut nokre av innslaga til å representere fylket på den nasjonale UKM-festivalen, seier Svidal det er viktig å presisere at UKM ikkje er noko konkurranse.

– Helst ville vi ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.

UKM Sogn og Fjordane 2017

SJÅ: Sigrid Louise Frøysland er vidare til landsfestivalen.

UKM Sogn og Fjordane 2017

SJÅ: Ivan Lorenzo Brendø II er vidare til landsfestivalen.

UKM Sogn og Fjordane 2017

SJÅ: Bjørnar Oppedal er vidare til landsfestivalen.

UKM Sogn og Fjordane 2017

SJÅ: Jackbow er vidare til landsfestivalen.

Lys

SJÅ: Desse kunstinnslaga er klare for landsfestivalen i Sandnes.

Foto: Arve Ullebo