300 ungdomar frå heile fylket fylte Høyanger med liv og røre frå start til slutt i helga.
- Les også:
I løpet av UKM-festivalen 2017 bydde ungdomane på sceneframsyningar, utstillingar, nattbad, workshops, konsertar og mykje leik og moro ut i dei små timar.
– Vi er stolte over å kunne vere med å vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1300, stadfestar dette inntrykket, fortel Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.
– Ikkje konkurranse
Kring 870 deltok på dei lokale mønstringane i kommunane. UKM skal vere ein møteplass for ung kultur.
Sjølv om ein skal velje ut nokre av innslaga til å representere fylket på den nasjonale UKM-festivalen, seier Svidal det er viktig å presisere at UKM ikkje er noko konkurranse.
– Helst ville vi ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.