Hopp til innhold

Desse fylka får felles fylkesmann

Fylkesmannsembeta vil følgje dei nye regionane, med to unntak.

fylkesmann3

Fleire fylke ynskjer å slå seg saman, og som følgje av dette ynskjer regjeringa også å slå saman fleire av fylkesmannsembeta.

– Når kommunar og fylke endrar grenser så må også staten tilpasse seg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Etter statsråd i dag er det klar at desse får felles fylkesmann:

Kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H)

ENDRING: Kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Møre og Romsdal og Rogaland får halde fram som eigne fylke med eigne fylkesmenn. For dei tre nordlegaste fylka er ikkje fylkesgrensene teikna på ny. Det kan bli aktuelt med strukturendringar når ein ny regionstruktur i Nord-Noreg er klar.

– Samanslåing av dei minste embeta betyr styrking av fagmiljø, betre samordning mot kommunane og meir effektiv drift, skriv departementet i ei pressemelding.

Ynskte svar om hovudsete

På Leikanger hadde fylkesmann Anne Karin Hamre håpt på eit klart svar om kvar hovudsetet skulle ligge, men dette blir først klart i løpet av våren.

Anne karin Hamre

135 TILSETTE: – Fylkesmannen er viktig for innbyggjarar, næringsliv og kommunar, seier fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Vi må berre ta inn over oss at dette ikkje er avgjort. Eg er glad for at vi har ein modell med delt lokalisering, og at det er stadfesta at det skal vere minst like mange arbeidsplassar i Sogn og Fjordane som i dag, seier Hamre.

Kommunalministeren understrekar på si side at ingen av dei tilsette hjå fylkesmannen vil miste jobben, men kan få ein ny arbeidsstad. I dei embeta der det er lagt opp til delt lokalisering, så vil ein sjå det i samanheng med administrasjonen av fylkeskommunen.

– Dersom fylkeskommunen ligg i ein av byane, så kan ein legge fylkesmannen i ein av dei andre, seier Sanner til NRK.

Truleg vil dette bli sett i samanheng med samanslåing av fylkeskommunane. Dei tilsette på hjå fylkesmannen rundt om i landet er blitt informerte på allmøte i dag.