Hopp til innhold

Desse fire skulane er klare for finalen i Klassequizen

I tre månadar har vi besøkt 40 skular i alle kantar av Sogn og Fjordane. No er fire finalistar klare for fylkesfinalen.

Klassekqiuz 2018 Sogn og Fjordane, Wilhelm Støylen

QUIZMASTER: Wilhelm Støylen har teste kunnskapsnivået hjå 10.-klassingane i fylket.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli

10.-klassingane har kjempa med nebb og klør for å få sin skule til finalen i Klassequizen 2018. I år har det vore deltakarrekord med 40 skular frå Sogn og Fjordane, og konkurransen har difor aldri vore tøffare enn kva den var i år.

I toppen var det fem skular som kjempa om fire finaleplassar. To av skulane fekk 12 poeng og gjekk rett til finalen. Tre lag hadde 11 poeng. Det gjorde at quizmaster Wilhelm Støylen måtte ha ei utslagsoppgåve på lur når han reiste rundt.

– I ei ekstraoppgåve måtte dei gjette kor mange kaffibønner det var i ein sekk. Eg har stått på kjøkenet for å fintelje innhaldet, og det var nøyaktig 529 kaffibønner, men overraskande nok hadde ingen rett svar, ler Støylen.

Måndag 19. mars er det fylkesfinale for fire spente lag på Sunnfjord skaparhus i Førde. Vinnaren skal vidare til landsfinalen i Oslo.

Her er finalistane

Kvåle skule i Sogndal fekk 12 poeng.

Anders Fimreite, Anneli Fjelltun Øyre og Kari Eggum Talleraas

KVÅLE SKULE: Anders Fimreite, Anneli Fjelltun Øyre og Kari Eggum Talleraas.

Gloppen ungdomsskule på Sandane fekk 12 poeng.

Øyvind Fure, Jenny Heggheim Skrivarvik og Simon Austrheim

GLOPPEN UNGDOMSSKULE: Øyvind Fure, Jenny Heggheim Skrivarvik og Simon Austrheim.

Leikanger ungdomsskule på Leikanger fekk 11 poeng.

Leikanger ungdomsskule

LEIKANGER UNGDOMSSKULE: Nils Kristian Lunde, Dina Krosshaug og Torbjørn Opthun.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Sagatun skule i Balestrand fekk 11 poeng.

Tom-Rune Sæle, Andrine Sværen, Jakob Witt frå Sagatun skule

SAGATUN SKULE: Tom-Rune Sæle, Andrine Sværen og Jakob Witt.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK