Hopp til innhold

Desse fire laga er klare for fylkesfinalen

I alt 34 skular har vore med på årets utgåve av Klassequizen. No er fire av laga klare for den store fylkesfinalen!

Finalistar Klassequizen 2016

FINALISTANE: Elevar frå Askvoll, Sande, Førde og Vik skal kjempe om fylkessigeren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sande skule i Gaular, Askvoll skule, Førde ungdomsskule og Flatbygdi i Vik er skulane som skal kjempe vidare om å kome til den store, nasjonale quizfinalen i Oslo seinare i vår.

Etter planen skal vi i NRK Sogn og Fjordane skipe til fylkesfinalen 30. mars i Førde. Då vil det bli direktesendt web-TV og radiosending. I tillegg skal vi sende fylkesfinalen live via vår eiga Facebook-side.

Elevane på Sande var dei einaste som klarte full pott i dei innleiande rundane, medan elevane i Førde, Vik og Askvoll klarte 11 av 12 poeng.

Med på laget til Sande skule var Aina Søgnen Torgeir Furnes og Gunnhild Birkeland. Etter si innleiande runde stod jubelen i taket.

– Vi er veldig glade, sa Aina. – Og litt overraska, supplerer Torgeir. – Vi fekk kanskje spørsmål om det vi kunne, sa Gunnhild.

Her finn du alle resultata frå Klassequizen 2016!