Hopp til innhold

Desse fire ligg an til plass på Stortinget

Då alle kommunane var talde opp var det klart at Ingrid Heggø, Ap, Bjørn Lødemel, Høgre, og Liv Signe Navarsete, Sp, får dei tre distriktsmandata frå Sogn og Fjordane.

Desse kjem truleg på tinget

Mykje tyder på at Sveinung Rotevatn og Venstre får utjamningsmandatet.

Då alle kommunane var opptalde hadde Arbeidarpartiet 28,1 prosent (minus 1,6), Senterpartiet 20,7 (minus 4,5), Høgre 19,0 (pluss 6,9), Frp 10,8 (minus 5,1), KrF 8,1 (pluss 1,3), Venstre 6,3 (pluss 3,4), SV 3,4 (minus 2,4) og Miljøpartiet Dei Grøne 1,7 (fram 1,5).

(Artikkelen held fram under videoen)

– Herleg gimmick

Dermed må Høgre sjå langt etter det store målet sitt om to Bjørnar på tinget. Men Bjørn nummer ein, Lødemel, er likevel godt nøgd.

– Vi har hatt eit herleg mål og ein herleg gimmick med to Bjørnar, og det har drege oss kraftig fram heile organisasjonen. Det har gitt oss mykje inspirasjon, det var alvorleg meint.

Lødemel er glad for at det har vore jamn framgang over heile fylket.

– Det er ekstra gledeleg at vi har greidd å halde fram den den framgangen vi hadde i 2011 då vi gjorde eit godt kommune- og fylkestingsval. Det er veldig kjekt å sjå at vi er i siget på alle måtar.

– Ikkje kjekt at regjeringsmakta ryk

I Arbeidarparti-leiren var stemninga litt meir avdempa, sjølv om tilbakegangen var mindre enn mange hadde rekna med. Tor Bremer må som venta seie farvel til Løvebakken etter fire år.

– Eg har ikkje begynt å tenke på kva eg skal gjere no, den fasen startar eg på i morgon. Men vi har gjort eit kjempeval i Sogn og Fjordane, våre tillitsvalde har stått på.

Bremer tek det med fatning at han no må sjå seg om etter noko nytt å gjere.

– Det er slik dette livet er. Eg kjem vel til å møte som vararepresentant i ulike samanhengar. Men eg kjem til å søke nye jobbar i fylket, så slik sett blir det eit nytt liv.

Bremer var opphaveleg bonde på Hafslo, men han skal ikkje tilbake til det livet.

– Den perioden er over, det var ikkje mogeleg å kombinere mjølkeproduksjon med å vere på tinget, så mjølkekvoten har eg selt.

Eit liv i opposisjon

Ingrid Heggø kan trass alt sjå fram til fire nye år på Stortinget, men no utan Tor Bremer som partifelle, og no bur ho seg på eit liv i opposisjon.

Det blir noko nytt, det blir og interessant, og så får vi fremje dei sakene vi trur på. Og etter åtte år i regjering gjer vi eit brakval, vi greier å halde oss rundt 30-talet på landsbasis, og vi har gått fram i både Sogndal, Førde og Flora, det gler meg.

Ap-trio på valvake

SMILER TRASS ALT: Åshild Kjelsnes, Tor Bremer og Ingrid Heggø.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Godt at Sp held stand

Mellom Senterparti-folka på valvaka på Rica Sunnfjord Hotell var det stor glede over mange oppløftande resultat. Andrekandidat Jenny Følling var oppglødd etter å ha sett partileiar Liv Signe Navarsete på TV.

– Eg synest det er kjekt i kveld, det er godt at Sp held stand, og ser ut til å gjere eit bra val her i fylket. Eg er alltid spent, det har vore ein tøff valkamp med ein blå vind over landet, og det er tyngre å jobb i motvind enn i medvind.