NRK Meny
Normal

Desse festivalane mister millionstøtte

Heile 14 av 16 knutepunktfestivalar kan miste støtta dei har fått over statsbudsjettet. I Sogn og Fjordane er det Norsk Countrytreff og Førdefestivalen som vil bli råka.

Førdefestivalen og Norsk Countrytreff

MISTER MILLIONAR: Norsk Countrytreff på Breim og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er blant dei fjorten festivalane som kan miste knutepunktstatus og dermed millionar i statleg støtte.

Foto: Runar Sandnes/Silje Bråstad / NRK

– Det kom ikkje som noko sjokk, for vi har visst at det ville bli endringar. Men vi hadde håpt at det ville kome ei overgangsordning som ville vere leveleg, seier Arve Kleppe, som er fungerande dagleg leiar for Norsk Countrytreff.

I 20 år har ei rekke norske festivalar fått direkte støtte over statsbudsjettet gjennom den såkalla knutepunktordninga. Den har kosta 100 millionar i året og etter det NRK har grunn til å tru vil den bli fjerna frå 2017, dersom kulturministeren får det som ho vil.

Vil endre festivalen

Berre to festivalar står att i statsbudsjettet: festspela i Bergen og Harstad. Resten av festivalane må søke om midlar i ein pott som kulturrådet rår over, på lik linje med alle andre festivalar i landet.

Norsk Countrytreff har eit budsjett på om lag sju millionar kroner. I år fekk dei 1,7 millionar i støtte frå staten. Å miste denne summen vil vere dramatisk, i tillegg har fylkespolitikarane allereie varsla at dei vil gje mindre til festivalar i åra som kjem.

– Dette er mykje pengar for oss. Vi lyt endre mykje av det vi gjer og konsentrere oss om berre å drive festival, seier Kleppe.

Les også: Knutepunktfestivalane må kutte
Les også: Han meiner kultureliten ikkje skjønar countrykulturen på bygda

Håper å skåne publikum

Han seier kutta først og fremst vil råke seminar og arrangement som har vore knytt til knutepunktstatusen. Publikum som berre er ute etter gode musikkopplevingar og ein skikkeleg fest vil merke lite, håper Kleppe.

– Vi må sjølvsagt sjå på kostnader alle plassar, så det er litt tidleg å seie. Men vi skal lage ein god festival, seier han.

Førdefestivalen fekk i år 6,5 millionar kroner frå staten.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.