Hopp til innhold

Desse fem er finalistane til Årets Gründer

Dei fem finalistane til Årets Gründer 2015 er klare. No kan også publikum vere med og bestemme kven som går heilt til topps i tevlinga.

Finalistane i årets gründer 2015

FINALISTANE: Representantar for (frå venstre) Smart Connect (Frode Steen), nLink (Håvard Halvorsen), Loen Active (Eirik Brendefur), Massiv Lust (Carsten Hovind)og GRS Riflestocks (Oscar Haugen).

Foto: Pressefoto

Finalistane er:

  • Massiv Lust (Gaupne) – Norges einaste produsent av krysslimte massivtreelement
  • Smart Connect (Førde) – ein straumforgreinar med seks uttak for stikkontakt og to utgangar for USB-lading, laga av Frode Steen
  • nLink (Sogndal) – har utvikla verdas første takboringsrobot og vil revolusjonere byggjebransjen med robotteknologi
  • GRS Riflestocks (Hornindal) – produserer ergonomisk tilpassa geværskjefte
  • Loen Active (Loen) – Reiselivsbedrift som tilbyr alt mogleg innan reiseliv og oppleving, som blant anna Via Ferrata i Loen

– Inspirerande

Dei representerer altså eit variert fagfelt, frå robotteknologi, turisme, produktdesign og byggkonstruksjon.

– Det er inspirerande å sjå den kreative gründergløden som er i Sogn og Fjordane. Vi har valt ut fem innovative finalistar, og det er gledeleg for juryen at dei kjem frå eit breitt spekter av fagområde. At alle finalistane har ei regional, nasjonal og internasjonal målsetjing er også noko vi set stor pris på, seier Hjørdis Vik, nestleiar i Innovasjon Norge.

Saman med Sparebanken Sogn og Fjordane og Framtidsfylket står dei bak kåringa. No er det opp til publikum å avgjere kven som vert Årets Gründer 2015.

Stemmene frå juryen og publikum vil telje likt. Avstemminga er no i gang på Framtidsfylket. Der finn ein også meir informasjon om finalistane. Vinnaren vert kåra under Temposeminaret i Florø den 6. november.

– Det er fem verdige vinnarar, og vi oppmodar alle om å stemme fram sin favoritt, seier Vik.

Pengepremie til fleire enn vinnaren

Det har vore ein jobb å velje ut desse fem finalistane, fortel Gro Rukan i Framtidsfylket.

– Vi fekk inn ganske mange og har hatt ein jobb med å velje ut. Det er alltid vanskeleg å velje, men eg føler desse har peika seg godt ut på sine måtar.

Vinnarane får ein premie på 100.000 kroner. Det blir også ein premiepott på andre og tredje plass, men kor mykje det er snakk om er enno usikkert. Rukan gler seg til å sjå kven som stikk av med sigeren.

– Det er veldig spennande å ha finalistar i så mange forskjellige kategoriar. Alle fem er veldig verdige og representerer sine bransjar på ein veldig god måte, seier ho.