NRK Meny
Normal

Desse fekk også pengar

Borgund stavkyrkje

RESTAURERING: Budsjettframlegget frå regjeringa betyr at stavkyrkjeprogrammet blir vidareført. Her er stavkyrkjene representerte ved Borgund stavkyrkje.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Regjeringa vil setje av fire millionar kroner til utvikling av naturbasert reiseliv i samband med at Breheimen nasjonalpark vart oppretta i 2009 .

Regjeringa gjer dessutan framlegg om å auke tilskota til arbeidet med dei sju norske verdsarvområda med fem millionar kroner i 2010. Midlane skal vere med og sikre og setje i stand dei norske verdsarvområda, mellom desse Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap med Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane.

Sikrar stavkyrkjene

I framlegget til statsbudsjett foreslår regjeringa å vidareføre løyvingane til verdiskapingsprogrammet på samme nivå som i 2009, i alt 28,4 millionar kroner.

Fase 1 av programmet går ut i 2010, og omfattar 11 pilotprosjekt, der eitt er i Sogn og Fjordene; Nærøyfjorden verdsarvpark. Prosjektet inkluderer Aurland, Lærdal, Vik, i tillegg til Voss kommune i Hordaland.

Det ligg også inne ei vidareføring av stavkyrkjeprogrammet, der det går føre seg restaureringsarbeid i Urnes og Borgund. Det vert dessutan planlagt oppstart på Undredal stavkyrkje i 2010.

Byggjer skredsenter i Førde

Regjeringa foreslår å auke innsatsen til bevaringsprogrammet for ruinar med tre millionar kroner. Midlane er planlagde brukt til konservering av utvalde ruiner, mellom anna Selja kloster i Selje kommune.

Ifølgje budsjettframlegget held arbeidet fram med å byggje opp ei forskings- og formidlingseining for skred ved Norges vassdrags- og energidirektoratets regionkontor i Førde.

NVE får 30 millionar kroner ekstra som dei skal bruke til å hjelpe kommunane med å kartleggje og overvake skredfare. I Luster skal det gjennomførast sikringstiltak i 2010.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå