Hopp til innhold

Desse fekk ein kongeleg dag i hageselskap

Det var flotte antrekk, blå himmel og store smil då kongeparet inviterte til hagefest i hovudstaden.

Hagefest med kongen

I SIN FINASTE STAS MØTTE DEI TIL HAGEFEST: Anne Lise Øvrebø (t.v.), Sølvi Grøsvik Urnes, Per Atle Holmøyvik og Nina Liseth (t.h.) var pynta frå topp til tå då dei skulle møte til hageselskap i Dronningparken.

Foto: PRIVAT

– Det var ei spesiell stemning. Heilt kongeleg, ler Sølvi Grøsvik Urnes.

Det var strålande solskin då Kongen og dronninga inviterte 1500 gjester til hageselskap i Dronningparken. 52 av desse var representantar frå Sogn og Fjordane.

I sin finaste kjole og med høghæla sko troppa Grøsvik Urnes opp på slottet saman med Anne Lise Øvrebø, Per Atle Holmøyvik og Nina Liseth.

– Vi gjekk inn på raud lauper, fekk eit glas med godt drikke og god underhaldning. Det var ei fantastisk oppleving som eg er utruleg glad for å oppleve.

Tapas til folket

Når Kongen inviterer folket til fest er det ikkje akkurat pølse med brød som står på menyen. 24.000 tapasbitar med alt frå kamskjel til markjordbær frå Mågerø skulle mette gjestane.

Ein av kokkane bak dei smakfulle smårettane var Jan-Erik Hauge frå Berle.

– Det er slottet og Kongefamilien det er snakk om, så dette er utruleg artig og ein stolt augneblink å få vere med på, sa Hauge til NRK tidlegare.

Hagefest med kongen

KONGEFAMILIEN BLANT 1500 MENNESKE FRÅ HEILE NOREG: Til hageselskapet i Dronningparken hadde kongeparet invitert 1500 personar.

Foto: Kjetil Solheim

Under hageselskapet fekk gjestane frå fylket selskap av både stortingsrepresentantar og små og store i kongefamilien. Alle som ville helse på Kongen og dronninga kunne gjere det.

– Dei som eg gjekk saman med helste på kongeparet, men eg gjorde det ikkje, seier Grøsvik Urnes.

– No skal eg slenge av meg høghæla sko

I sin velkomsttale kunne Kongen fortelje at gjestane i hageselskapet samla utgjer breidda av Noreg. Kong Harald ville minne gjestane på at landet ikkje berre er fjell og djupe fjordar, men trass alt består av menneske.

– Den var veldig fin. Ei veldig enkel og god tale som folk klappa veldig for, seier Grøsvik Urnes.

Etter ein lang dag med kongeleg fest var Grøsvik Urnes klar for å returnere til kvardagen.

– No skal eg slenge av meg høghæla sko. Det blir godt å komme heim att til Førde, men eg er veldig heldig som har fått oppleve dette, avslutta ho.

Hagefest på Slottet
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix