Hopp til innhold

Desse er vidare i Klassequizen!

Etter 36 rundar er det endeleg klart kven som skal vidare til fylkesfinalen i Klassequizen! Fire tiandeklassar skal tevle om å få representere fylket i den nasjonale finalen i mai.

Klassequizdeltakarar

KREVJANDE: Spørsmåla i Klassequizen kan vere ganske vanskelege, her konsentrerer elevar ved Kvåle skule i Sogndal seg for å svare riktig

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Dei fire skulane som går vidare til fylkesfinalen er Kvåle skule i Sogndal, Feios skule i Vik. Stryn ungdomsskule og Eid ungdomsskule.

Kvåle, Feios og Stryn fekk 11 poeng, medan Eid vart den einaste skulen med full pott og 12 poeng.

– Det er veldig kjekt å gå vidare, men også ganske skummelt. No er det jo endå meir press enn tidlegare på å gjere det bra, seier Sunniva Flaten Brekke, som er ein av dei tre elevane som representerer Eid ungdomsskule.

Korleis har de tenkt å førebu dykk til den store finalen?

– Vi får berre prøve å følgje med på det som skjer, og kanskje lese og førebu oss litt meir enn vi gjorde sist vi var med, seier Brekke.

Klassequizdeltakarar på Eid

FULL POTT: Dei tre deltakarane frå Eid ungdomsskule var dei einaste som klarte å få full pott i klassequizen, dei fekk nemleg 12 poeng av 12 moglege då dei var med.

Foto: NRK

Finalen vert arrangert i Førde tysdag 4 april, og du kan følgje han direkte både på radio og på våre nettsider frå klokka 15:00. Alle dei fire laga stiller no heilt likt, og finalen består av to semifinalar, og ein siste finale. Laget som til sist står med flest poeng går vidare til den nasjonale finalen som blir sendt på NRK1 13. mai.

Feiosskule

FEIOS: Ved Feios skule i Vik kommune klarte dei tre elevane å få 11 av 12 moglege poeng. Det var nok til å gå vidare til finalen i klassequizen 4. april.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Høyr sendingane om att

Om du vil høyre sendingane der dei fire skulane gjekk vidare til finalen, kan du gjere det her:

Høyr sendinga frå Kvåle skule:

Høyr sendinga frå Eid ungdomsskule:

Høyr sendinga frå Feios:

Høyr sendinga frå Stryn:

Her kan du sjå ei oversikt over korleis dei andre skulane har gjort det i klassequizen.