Hopp til innhold

Måndag kveld dundra desse i vegbana - no er vegen opna for fri ferdsle

Fleire steinblokker dundra måndag kveld i vegbana på fylkesveg 616 mellom Dombestein og Davik. Geolog har vurdert fjellsida tysdag, og meiner det er trygt å opne vegen for fri ferdsle.

Ras fv. 616

SMALL I ASFALTEN: Desse steinblokkene dundra i asfalten på fv. 616 mellom Dombestein og Davik måndag. No er vegen opna att for fri ferdsle.

Foto: privat

– Måndag ettermiddag fekk vi melding om at det hadde komme ned nokre steinblokker på fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein. Det var vanskeleg å sjå kor steinane hadde losna på grunn av skog og slikt, så vi vurderte det slik at det var tryggast å stengje vegen til vi fekk geolog på plass, seier fungerande byggjeleiar i Statens vegvesen, Vidar Solheim.

Steinblokkene hamna i vegen litt vest for Isane ferjekai i Bremanger. Den største av steinblokkene var opp mot halvtanna kubikk.

– Steinblokkene har losna 50–60 meter oppe i fjellsida, seier Solheim.

Vil reinske manuelt

Han har saman med geolog vore oppe ved sleppområdet i morgontimane tysdag.

– Vi fann området der steinane har losna. Det såg greitt ut no. Det var reine, fine sleppområde, men vi vil gå over områda for å reinske dei manuelt, seier Solheim.

Han har førebels ikkje fått tak i folk til å gjere jobben, og kan difor ikkje seie noko om dette vil skje i dag eller i morgon.

– Men vi vil reinske heilt skikkeleg, slik at vi er sikre på at det ikkje ligg noko meir laust. Men vi vurderer det likevel som trygt nok til å opne vegen, seier Solheim.

Vegen vil verte mellombels stengd medan reinskinga går føre seg.

– Men vi må komme tilbake med eksakt tidspunkt på når det vil skje, seier Solheim.

Er ei rasutsett veg

Dei som ferdast på fylkesveg 616 er ikkje framande for ras. Med jamne mellomrom har vegstrekninga vore stengd på grunn av ras.

– Det har vel vore aktivitet i området også tidlegare, men det er ei stund tilbake, seier Solheim.

I 2012 opplevde ein bilførar at ein stor stein dundra ned på panseret på bilen hans. Det har også vore fleire tilfelle der bilistar har køyrt inn i steinras, eller komme køyrande like etter at det har rasa på vegstrekninga.