NRK Meny
Normal

Desse damene har omfamna den digitale kvardagen

NORDFJORDEID (NRK): Medan nokre jublar for å få pensjonsslippen tilbake i postkassa, er det andre som har omfamna den digitale kvardagen.

Inger Johanne Brekke (til venstre), Jorunn Leivdal og Inger Hogrenning

OPPDATERTE: Damene er delte i meininga om pensjonsslippen, men er aktive med fleire digitale løysingar. Frå venstre Inger Johanne Brekke, Jorunn Leivdal og Inger Hogrenning.

Foto: Silje Guddal / NRK

I sentrum av Nordfjordeid sit Jorunn Leivdal og Inger Johanne Brekke og sel lodd, til inntekt for besøkstenesta i Røde Kors. Her kan du sikre deg lodd ved å bruke Vipps.

– Vi følgjer jo med i tida. Vi kan ikkje risikere at nokon går her ifrå fordi dei ikkje har kontantar, seier Inger Johanne Brekke.

Som pensjonist og frivillig brukar ho fleire digitale løysingar.

– Eg brukar nettbank, e-post, ja eigentleg det meste. Eg saknar ikkje pensjonsslippen, men eg har ein mann som gjer det.

Kan ha større tru på seg sjølv

Etter press frå mellom anna Pensjonistforbundet, vedtok fleirtalet på Stortinget torsdag å på nytt sende ut pensjonsslippen i posten. Til stor jubel for mange.

Andre saknar ikkje pensjonsslippen i det heile, slik som Jorunn Leivdal. Ho har omfamna mange digitale tenester.

– Eg har nettbank, e-post, bildelagring, Facebook, Instagram og snap.

– Du er fullgod på digitale løysingar du?

– Jepp, absolutt, og eg ikkje nokon ungdom, seier Leivdal.

Inger Johanne Brekke (til venstre), Jorunn Leivdal

HAR VIPPS: Loddseljarane Inger Johanne Brekke og Jorunn Leivdal har skaffa seg VIPPS, så alle skal ha høve til å kjøpe lodd.

Foto: Silje Guddal / NRK

Å henge med i den digitale utviklinga kan vere krevjande for nokon kvar. I banken går du no for rådgjeving, tenestene kan ein gjere heime, med nettbank.

Banksjef for privatmarknaden Odd Kjetil Tonning i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner eldre godt kan ha større trua på seg sjølv.

– Eldre har ein tendens til å kanskje undervurdere seg sjølv. Dei trur gjerne dei ikkje får det til, men når dei får opplæring og ser korleis det fungerer, så er veldig mange fornøgde, seier Tonning.

Odd Kjetil Tonning

GJEV OPPLÆRING: Banksjef Odd Kjetil Tonning lærar eldre korleis dei kan meistre både nettbank og mobilbank.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kommunane trappar opp

I overkant av 1,7 millionar nordmenn har oppretta ei digital postkasse, for å ta imot brev frå stat og kommune. No intensiverer kommunen arbeidet med å få fleire innbyggjarar til å ta imot posten digitalt.

– Dei som ønskjer brev digitalt, får det. Dei som ikkje ønskjer å få brev i den digitale postkassa, kan framleis få det i den fysiske postkassa, seier avdelingsdirektør Torgeir Strypet i Direktoratet for forvaltning og IKT.

– Kan vi snakke om eit a- og b-lag innan digitalisering i den eldre garde?

– Nei, det vil eg ikkje seie, men som med alt anna er det nokon som har litt meir interesse og kanskje moglegheiter til å tilpasse seg den digitale kvardagen.

Delte meiningar

Hos loddseljarane og loddkjøparane er det delte meiningar. Inger Hogrenning har sakna pensjonsslippen.

– Ja, og eg snakkar med veldig mange, og dei saknar pensjonsslippen, seier Hogrenning.

Ho meiner pensjonsslippen burde kome tilbake for å ta omsyn til dei eldste innbyggjarane.

– Eg er både på nettbank og Facebook, har litt interesse for det, men eg veit det er mange som er eldre enn meg som synest dette er heilt fortvilande.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.