NRK Meny
Normal

Desse borna fryktar ikkje vatn

FØRDE (NRK): Det er ikkje mykje som tyder på vannskrekk når 6-åringane i Nærleiken Barnehage padlar med kajakk på elva Jølstra.

6-åringane frå Nærleiken Barnehage i Førde padlar med kajakk på elva Jølstra.

SJÅ VIDEO: Sjå 6-åringane frå Nærleiken Barnehage i Førde padle med kajakk på elva Jølstra.

– Det er kjempekjekt, jublar Emilie Øvrebotten Furnes.

På elva Jølstra padlar borna frå Nærleiken Barnehage i Førde med trygge tak og trillande latter i lysegrøne kajakkar.

– Ungane visar ei enorm glede over dette. Dei føler seg trygge i kajakken og får kjenne på kjensla av meistring, fortel pedagogisk leiar for Nærleiken Barnehage, Sveinung Nordtveit.

Det er andre gongen 6-åringane frå Nærleiken Barnehage padlar med kajakk ute. Borna har tidlegare trent på kajakkpadling i eit basseng, men etter at ein brann stengde bassenget måtte Nærleiken Barnehage tenke nytt.

– Det var ein brann på Førdehuset som gjorde at vi ikkje kunne vere i bassenget med borna lenger. Sidan det er vår og sommar kunne vi flytte ut i elva, seier Nordtveit.

Til trass for vår og sommar fristar det ikkje med eit bad i elva for barnehageborna.

– I badebassenget var det varmt, men i elva er det veldig kaldt, seier Øvrebotten Furnes.

Padle

TRYGGLEIK: I den største kajakken får Emilie sitte på med den røynde kajakkpadlaren Øyvind Korsøen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Flytta kajakken frå basseng til elv

Barnehagen leiger inn den røynde kajakkpadlaren Øyvind Korsøen som står bak kajakktilbodet. Det var Korsøen som kom med forslaget om å flytte borna og kajakkane ut i elva Jølstra.

– Dette er eit roleg område i Jølstra, men leiken i badebassenget var nyttig før padlinga i elva. Det gjorde ungane trygge i vatn.

I badebassenget var kajakkane brukt til alt frå stupebrett til sklie.

– Ungane er utruleg flinke. Då vi var i Førdehuset brukte vi kajakkar som ei tilvenning til vatn, men då vi kom ut i elva måtte ungane jobbe meir med padling og bruk av årer, seier Korsøen.

padle

LANG, LANG REKKE: Saman med Øyvind Korsøen får 6-åringane i Nærleiken Barnehage padle i elva Jølstra.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Både leik og læring

Ved bruken av kajakk får borna kombinert leik og kjensla av meistring, meiner Sveinung Nordtveit i Nærleiken Barnehage.

– Det gir ei enorm meistringskjensle ved å prøve på noko som ein får til, eller meistrar innanfor dei krava som omgjevnadane og dei sjølv stiller.

Nordtveit står parat ute i elva med våtdrakt når borna padlar.

– Av og til må eg dra borna ut frå krattet fordi dei har padla seg heilt fast, men det gjer at ungane får ei mykje større tru på seg sjølv når dei får styre kajakken. Her er det mykje å hente av læring og leik for borna. Latteren og gleda talar for seg sjølv.

padle

LEIK OG LÆRING: Borna i Nærleiken Barnehage får både leik og læring ved å padle kajakk.

Foto: Solveig Svarstad / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune