Hopp til innhold

Desse bileta sikra fotgrafane premiar

Då er det gjort. Vi har plukka ut haustmotiva som syter for premie til fleire fotografar.

Tiril på epleslang

PREMIE: Dette er eitt av fire haustbilete som NRK Sogn og Fjordane premierer.

Foto: Eva Rake

Heile 315 flotte og fargerike haustmotiv frå lesarane, gjorde det utfordrande å plukke ut heldige vinnarar av NRK-effektar.

Den enorme responsen gjer nettvaktsjef i NRK Sogn og Fjordane, Brit Jorunn Svanes, nesten like strålande som det hausten har vore på Vestlandet.

– Oppslutninga har vore enorm. Vi har fått mange flotte haustbilete frå det utrulege fylket vårt, seier Brit Jorunn Svanes.

DAB-radio til Stryn

Vi har fått bilete frå dei fleste krikar og krokar av fylket. Frå Store Dyrhaugstinden i Luster til Geitehornet i Selje.

Vi har fått bilete av Via Ferrata kledd i haustfargar, og kronhjorten som heldt seg rundt huset til Siv Petra Grotle i Bremanger.

Tiril på epleslang

DAB: Eva Rake blir premiert med ein DAB-radio for dette biletet av vesle Tiril.

Foto: Eva Rake

Vi har også fått dokumentert Tirils første epleslang hos naboen på Rake i Nordfjord. Hendinga som Eva Rake foreviga, blir premiert med ein DAB-radio frå NRK.

NRK-krus

Torgunn Kvellestad i Askvoll sende oss fleire haustbilete. Men det var verken skuggeleik i låg haustsol eller geitene på Seljevollen i Naustdal, som gjorde at ho får eit NRK-krus i posten. Det gjorde derimot solnedgangen i Askvoll.

Solnedgang i Askvoll

FARGERIKT: Mange flotte fargar i biletet til Torgunn Kvellestad.

Foto: Torgunn Kvellestad

Andre fann også fantastiske motiv i soloppgangen. Slik som Marianne Kvame på Sandane. Ho sende oss bilete av beitande sauer ved Evebøfossen på Sandane.

Sauer i solnedgang ved Evebøfossen på Sandane

KRUS: Sauene i soloppgang på Sandane syter for krus til Marianne Kvame.

Foto: Marianne Kvame

Til slutt lét vi oss også sjarmere av bileta frå dei tyske turistane Daniela Döring og Udo Metzentin som køyrde Gamle Strynefjellsvegen i september. I retur til Berlin sender vi krus som dei kan nyte morgonkaffien frå gjennom vinteren.

Gamle Strynefjellsvegen

FANTASTISK: Daniela Döring og Udo Metzentin skildrar Norge som eit fantastisk land.

Foto: Daniela Döring og Udo Metzentin