Hopp til innhold

Vatnet har trengt inn i butikk og rådhus

MÅLØY (NRK): I Måløy har stormfloda nådd ein førebels topp, og vatnet har trengt inn i bygningar fleire stader.

Vatnet fløymer over i Rådhuset i Måløy.

MYKJE VATN: I rådhuset i Måløy er det mykje vatn inne i bygningen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi hadde venta at det skulle kome vatn, men floa vart høgare enn vi var førebudde på. Pumpene klarer ikkje å ta unna alt vatnet, og no fløymer det over med fleire centimeter, seier vaktmeister på rådhuset i Måløy, Håkon Christensen.

Vatnet kom plutseleg inn i rådhuset i Måløy i Nordfjord, og fleire personar frå brannvesenet er på staden og kostar vatn for harde livet.

– No er alle romma i kjellaren råka. Vi har stengt av heisen, for heissjakta er full av vatn.

– Er det store skadar, trur du?

– Vi må nesten berre vente til i morgon og sjå, seier vaktmeisteren.

Og også kaibutikken til Odd-Arne Mulelid har blitt råka av stormfloa. Butikklageret er fullt av vatn, og butikkeigaren trur vatnet kjem til å renne inn i sjølve butikken og.

Mulelid er i full gang med å få varene i høgda. Stormfloda har gjort at ein må nytte støvlar om ein skal gå tørskodd rundt på lageret til Kaibutikken i Måløy.

– Det er litt kritisk no. Det er framleis ein halvtime att til floa toppen er nådd, og vi har fire-fem centimeter å gå på, seier han og vedgår at situasjonen er «litt kritisk».

Odd Arne Mulelid

HØGDA: Odd-Arne Mulelid må plassere varene høgt både på lageret og i butikken. Han er budd på at vatnet ikkje berre vil sive inn på lageret.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Pumpa vatn frå kjellar

Overbrannmeister i Kinn brann og redning, Jon Inge Henden

I AKSJON: For andre gang i dag må overbrannmeister Jon Inge Henden ta seg av vatn som på grunn av floda kjem opp gjennom sluken i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I same by vart overbrannmeister i Kinn brann og redning, Jon Inge Henden, kalla ut på oppdrag like før klokka 12.

– Dette vil trykkje på framover mot toppflod kring klokka 14, meinte han då NRK kom til staden i 13-tida.

For andre gang sidan midnatt ar vatn trengt inn i ein kjellar.

– Vi er komne godt i gang, så dette skal vi klare å halde unna. Men no blir utstyret her framover, seier Jon Inge Henden.

– Spennande i Måløy

Bilar som står i Måløy

BILAR: Nokre av desse bilane står utrygge når floda når toppen rundt klokka 14.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dei siste prognosane viser at floa vil gå kring ti centimeter høgare enn den gjorde i natt i dei nordlegaste delane av Vestland fylke. Då målte den 264 centimeter.

Rundt Stavanger var den på det høgaste i natt med 162 centimeter. 221 centimeter i Bergen er centimeteren lågare enn i natt.

– I Måløy er det litt spennande. Vatnet flyttar seg nordover, og der blir det høgare topp enn i natt. Prognosane viser 274 centimeter på det høgaste klokka 14, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

– Sjå til kjellarane

Stormflo i Florø

FLORØ: Vatnet er i full gang med å stige også i Florø. Florø hadde ein topp i natt på 262 centimeter. I ettermiddag kan den bli høgare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Prognosane gjer at overbrannmeister i Kinn ber bygningseigarar om å sjå til kjellarane sine mellom klokka 14 og 15. For sjølv om bygningar står eit stykke frå sjøkanten, så kan det vere fare på ferde.

Og for dei som har bilar nær sjøen, så kan desse stå utrygt.

– Her har vatnet kome via grunn og dei røyrgatene som er. Men slik er det. Vi bur der vi bur, og då får vi det vi får, seier han.

Laster Twitter-innhold