Hopp til innhold

Desse besøkte Høyanger søndag

Gaute Ljotebø måtte kaste i seg frukosten då han fekk sjå spekkhoggarar på veg ut Høyangsfjorden søndag morgon.

Gaute Ljotebø traff desse kjempene i Høyangsfjorden søndag.

FØRSTE GANG: Dette var Gaute Ljotebøs første møte med spekkhoggarar. (foto: Gaute Ljotebø)

– Det er ikkje daglegdags, men det vart nok ikkje den heilt store naturopplevinga. Eg vart så oppteken av å filme dei. Det var greitt å få dokumentert dei då, seier Gaute Ljotebø.

Spekkhoggaren er den største arten i delfinfamilien og er med høg ryggfinne, kvit buk og flekk bak auga lett å kjenne att. Arten finst på alle verdshava og har og fleire gangar tidlegare blitt observert lenger innover Sognefjorden. Ljotebø fortel at og Høyanger har blitt besøkt tidlegare.

– I sommar vart det iallfall observert spekkhoggar her. Då var dei heilt inne ved moloen i Høyanger, men eg har ikkje sett det tidlegare.

Uventa frukostgjest

Ljotebø var i ferd med å steike seg speilegg til søndagsfrukosten, men då han såg spekkhoggarane svømme forbi utanfor vindauget på Kvernhaugen var det berre ein ting å gjere.

– Eg sprang ut for å ta bilete, men det gjekk ikkje. Dei var allereie forbi meg.

Ljotebø fortel at han kasta i seg egga, før han skunda seg ut i bilen. Han nådde att dyra i andre enden av Kvernhaugtunnelen, mot Kyrkjebø.

– For å kome nærare gjekk eg ned skråninga mot fjorden. Heldigvis hadde dei teke ein ekstra runde i fjorden før dei sette fart utover. Elles hadde eg nok ikkje teke dei att.