Hopp til innhold

Desse båtane skal byggjast i Nordfjord og køyrast i Kina

Brødrene Aa i Hyen har inngått kontrakt om levering av tre nye hurtiggåande katamaranbåtar i karbonfiber til den kinesiske marknaden.

Tre nye båtar til Kina

ETTERTRAKTA I KINA: Brødrene Aa i Hyen skal levere tre båtar i karbonfiber fram til 2019.

Foto: Pressebilete

– Dette er ei svært viktig kontrakt for oss, og er på mange måtar eit gjennombrot for satsinga vår i Kina, seier dagleg leiar Thor Øyvin Aa.

Kontrakten med Zhong Shan-Hong Kong Passenger Shipping CO-OP Co. Ltd (ZS) gjeld konstruksjon og bygging av totalt 3 båtar. To av båtane vert på 42 meter, skal ta 300 passasjerar og skal dimensjonerast for 40 knops operasjonsfart. Den tredje vert òg 42 meter lang, skal ta 230 passasjerar og skal gå 37 knop.

– Desse båtane skal byggast ferdige og leverast som komplette båtar frå verftet i Hyen, seier Aa.

Brødrene har fått kontrakt med nytt kinesisk selskap

KINESISK STORKONTRAKT: Brødrene Aa har fått kontrakt verdt 250 millionar med kinesisk reiarlag.

Foto: Pressebilete

Døropnar

I 2015 fekk Brødrene Aa kinesiske selskapet Chu Kong Shipping (CKS) inn på eigarsida. I dette partnarskapet inngår etablering av eit felles produksjonsselskap i Kina, samstundes som det har blitt ein døropnar for levering av ferdige båtar frå Brødrene Aa sitt verft i Hyen.

– Kontrakten vi no har fått kjem heilt klart som følge av samarbeidt vi har frå før med CKS, seier Aa.

I fjor leverte Brødrene Aa to båtar til Kina. Den eine båten vart lånt ut til ZS.

– Dei har no bestilt tre båtar får oss, og har også kjøpt den første båten vi leverte i fjor, seier Aa.

Store deler av verftsindustrien har fått oljekrisen midt i fleisen. Men det finst unntak: Brødrene Aa meiner miljøvennlege farty har gitt dei historisk gode tider.

SJÅ TV-SAK: Store deler av verftsindustrien har fått oljekrisen midt i fleisen. Men det finst unntak: hos Brødrene Aa i Nordfjord har dei aldri opplevd betre tider. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/NRK)

Teknologi frå flyindustrien

I 2002 leverte Brødrene Aa sin fyrste båt i karbonfiber. For nokre år sidan gjekk verftet i Hyen bort frå å bygge skip til offshorenæringa. Med teknologi frå flyindustrien byggjer Brødrene Aa no båtar med lågt drivstofforbruk og høg fart.

– Det er spesielt kjekt at vi no skal levere båtar som går i 40 knop, seier Aa.

Det er den typen fartøy som det er mest av i Hong Kong-området. Kontrakten som Brødrene Aa har ein verdi på om lag 250 millionar og betyr mykje for verftet i Hyen med 170 tilsette.

– Det å få vise fram fordelene med båtar i karbonfiber, med lågare forbruk og mindre miljøutslepp. Det betyr mykje for oss, seier Aa.

Båtane skal byggast og ferdigstillast ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Byggestart vert i november og levering til Kina skal skje i tidsrommet frå oktober 2018 til juni 2019.