NRK Meny
Normal

Designpris til Moods of Norway

Peder Børresen og Simen Staalnacke, duoen bak klesmerket Moods of Norway, vart måndag ettermiddag tildelt Scheiblers Legats Talentpris for 2006.

Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen i Moods of Norway
Foto: Rolf Jarle Ødegaard, VG / Scanpix

Prisen får dei for god design, og er på totalt 100 000 kroner.

Moods of Norway starta klesproduksjon i Stryn i 2002, og hentar inspirasjon frå det norske bygdemiljøet.

- Stort

Designaren Per Spook delte ut prisen til klesdesignarane frå Stryn.

- Dette er veldig stort for oss, og det at Per Spook står for utdelinga gjer det heile litt ekstra spesielt. Pengane kjem også godt med, seier Staalnacke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.