Hopp til innhold

Designhjelp til Dale Skofabrikk

Dale skofabrikk skal få innspel og idear til nye sko frå seks unge designerar.

Sko på Dale Skofabrikk
Foto: NRK

Onsdag er fyrste arbeidsdagen for designerane, og på fredag skal resultata vera klare.

Dagleg leiar Olav Hjelmås i Dale Skofabrikk tykkjer det er stor stas og veldig spennande at bedrifta får denne hjelpa.

Prosjektet dei er med på skal freista å fornye dei eksisterande skoa på fabrikken utan å endre på maskinar og lestar.

- Ein kanal ut for skofabrikken

Otto von Busch har doktorgrad i motedesign ved Universitetet i Gøteborg. Han står bak prosjektet og meiner dette kan få mykje å seia for ei bedrift som Dale Skofabrikk.

- Desse designerane kan vere ein ny kanal ut for Dale Skofabrikk. Håpet er at dei kan auke straumen for fabrikken.

Det heile starta då Otto von Busch var ved Nordisk Kunstnarsenter i Dale i fjor sommar. Han jobba med eit design på nokre gamasjer og fekk sydd desse på Dale Sko.

- Og så tykte han det var så spennande det vi heldt på med, han såg på produkta våre, og så tok ballen til å rulle, seier Olav Hjelmås.

Budd på spreke innspel

Og etter å ha sett bedrifta inviterte Busch ei handfull norske designerar til å ta turen til Sunnfjord.

- Etter litt tid og etter å ha tenkt gjennom dette fann vi ut av skulle vere med og sjå kva vi kan få ut av det, kanskje  nokre nye skomodellar, seier Hjelmås, som er budd på at enkelte av innspela frå designerane kanskje blir i sprekaste laget.

Produksjonslokala til Dale Skofabrikk
Foto: NRK

- Produksjonsutstyret vårt legg ei viss avgrensing på kreativiteten, men i utgangspunktet skal dei stå fritt til å gjere det dei tenkjer seg.

- Viktig å ta vare på norsk skoproduksjon

Arne og Carlos, T - Michael og Ulla Chauton er nokre av moteskaparane som kjem til Dale. Chauton er til dagleg produksjonsansvarleg for eit klesselskap i Oslo. Ho tykkjer det er spesielt moro å få arbeide for ei så lita bedrift.

- Uansett kva som kjem ut av det, så er det kult å sette ein slik liten produsent i fokus, uansett kva slags ettermæle dette arbeidet får. Og det er viktig å ta vare på det som er att av skoproduksjon her i landet.

Dale-sko til London?

Og dersom resultatet fell i smak hjå dagleg leiar Olav Hjelmås utelukkar han ikkja at han kjem til å løfta blikket langt utanfor Dale.

- I utgangspunktet produserer vi for den norske marknaden, men designerane har kontaktar mellom anna i London.