Hopp til innhold

Designelevar gav Eldalstunet nye dukar og gardiner

Kafeen på Eldalstunet i Gaular hadde trong for ein liten ansiktslyfting før turistsesongen tok til for fullt. Designspirene ved Mo og Jølster vidaregåande skule let seg inspirere av rosemålingsutsalet, og vips hadde det tradisjonsrike tunet nye gardiner og dukar.

– Dei var fine, seier vertinne på Eldalstunet, Marit Eldal, medan ho ser på dei nye gardinene som vert hengde opp.

Kvite stoff med nydelege mønster i blått prydar no Eldalstunet både på gardiner og dukar.

Eldal har vore spent på kva ungdommane ved Mo og Jølster kom til å komme opp med etter at dei vart utfordra.

Inspirasjon til mønsteret fann elevane i vertinna sitt utsal av rosemålte produkt.

Vertinna får sjølvsagt forkle med same design.

– Dette må eg bruke når eg serverer eller noko slikt, seier Eldal og ler.

Har brukt eit halvt år

I vel eit halvt år har elevane ved formingslinja ved Mo og Jølster vidaregåande skule jobba med dukane og gardinene.

Også dei tykte det var kjekt å sjå det dei har laga komme på plass der det skal vere.

– Det blei veldig fint med det blå i bakgrunnen. Det står veldig fint i lag, seier ein av designarane Marta Osland Lavik.

– Eg er veldig nøgd. Det er kjekt å få sjå resultatet på plass, seier Kine Leknes, som også har vore med og designa.

Og vertinna sjølv er svært nøgd over kva ho har fått i hus.

– Eg tykkjer det vart veldig fint. Veldig fine fargar var det også. Eg er svært nøgd, seier Marit Eldal.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Elevprosjekt gir kafé ansiktsløft

Elevprosjekt gir kafé ansiktsløft

Kom i kontakt gjennom prosjekt

Elevane kom i kontakt med Eldalstunet gjennom prosjektet «På veg».

– På veg var eit prosjekt der seks vidaregåande skular i Førde-området var engasjerte. Hovudmålet var at elevane skulle få komme meir ut i distriktet og sjå moglegheiter og arbeidsplassar som kanskje er litt meir alternative, seier tidlegare prosjektleiar i «På veg», Anne Therese Kusslid.

Men prosjektet på Eldalstunet blir førebels det siste prosjektet av denne typen.

– Eg tykkjer det er litt synd. Eg trur elevane har godt av å komme seg ut og sjå korleis folk jobbar, seier Kusslid.

Også eldstegenerasjon på garden er nøgd med ansiktslyftinga som tunet no har fått.

– Det er flotte greier. Eg er heilt imponert. Eg hadde aldri venta det så bra som det vart, seier Einar Eldal.