NRK Meny
Normal

«Desentralisering av naudetatane fungerer»

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier dei vil ha færre og meir robuste brannvesen. Sp-politikar Steinar Ness er ikkje einig, og meiner den gode handteringa av brannen i Gudvangatunnelen og bussulukka i Sogndal talar mot sentralisering av naudetatane.

ness

FUNGERER: Sp-politikar Steinar Ness meiner desentralisering av naudetatane fungerer.

Foto: NRK

– Det hendinga i Gudvangatunnelen viser er jo verdien av lokalkunnskap. Enkeltpersonar sin innsats er ofte avgjerande. Desse folka som skulle hatt betre opplæring klarte faktisk å handtere situasjonen, då må vi byggje vidare på det, seier Ness.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier dei vil ha færre og meir robuste brannvesen, naudsentralar og politidistrikt. Når justisminister Faremo kjem til Florø og Aurland i dag, meiner Ness ho må få med seg at små einingar fungerte bra då Gudvangatunnelen skulle evakuerast og brannen slokkast.

Vil gjere 27 til seks

– Då kjem ho til ein kommune som ikkje er robust, ifølgje teoretikarar i Oslo. Dei vil møte eit brannvesen som ifølgje dei same teoretikarane heller ikkje er robust, meiner Ness.

Brannsjef i Aurland kommune, Arvid Gilje, meiner samarbeidet med andre politidistrikt fungerer bra.


– Vi har fått veldig mykje skryt. Vi har eit veldig godt samarbeid med nabobrannvesenet og Bergen, seier Gilje.

Justisdepartementet handsamar no eit forslag om å gjere dagens 27 politidistrikt til seks og leggje ned ei rekkje alarmsentralar. Direktør Jon Lea i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, har tidlegare uttalt at det er for mange naudetatar i landet og at det går ut over kvaliteten. Det meiner senterpartipolitikaren er heilt feil.

– Feilen er at dei ikkje tek omsyn til noregskartet. Det finst ein geografi utanfor Oslo som gjer at det blir store avstandar dersom ein skal sentralisere tenestetilbodet. Det er lite hjelp i framifrå mannskap og godt utstyr dersom eit hus er brent ned når dei kjem til staden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser