Hopp til innhold

Desember er tida då vi unner oss mest lokalmat

Lokale spesialitetar finn raskare vegen ned i handlekorga i juletida enn elles i året. Det merkar også kaffibrennaren Kjetil Russenes i Sogn.

Kjetil Russenes, Sognefjord kaffibrenneri

KAFFIBRENNAREN: Kjetil Russenes driv Sognefjorden kaffibrenneri og har opplevd mykje pågang no før jul.

Foto: Vegard Aasen/Veri Media

Fram mot jul og nyttår opplever daglegvarekjedene ekstra interesse for lokale spesialitetar. Det får også produsentane merke.

– Det har vore nokre travle månader no før jul. Det har blitt brent mykje kaffi og pakka mange pakkar, seier Kjetil Russenes i Sognefjorden kaffibrenneri.

Han er den einaste kaffibrennaren du finn mellom Bergen og Sunnmøre. Grønne bønner, sporbare og stort sett økologiske, blir kjøpt inn frå ulike land og brende i Sogndal.

– Mange kjøper litt ekstra godt dei skal kose seg med i jula, men eg får inntrykk av at folk synest det er ei flott gåve å gi. Folk har stort sett det dei treng, og då trur eg folk synest det er kjekt å gi vekk noko som smakar godt, seier Russenes.

Handlar dobbelt så mykje

Det er ikkje berre der lokale spesialitetar slår an. Kundane i butikkane til Norgesgruppen handlar dobbelt så mykje lokalmat i julemånaden som elles i året.

– I desember har vi dobbelt så stor andel på lokalmatsal som elles i året. Denne høgtida er ein fantastisk periode for lokalmat, seier kategorisjef Eivind Haalien i Norgesgruppen.

– Vi har merka auka etterspurnad etter kvalitet, mat med historie og særpreg. Ein ønskjer kanskje å unne seg litt ekstra i juletida, seier han.

Veks meir enn daglegvare

Også Coop Norge merkar auka interesse for lokalmat i desember.

– Det er bra vekst på sal av lokalmat heile året, men vi når ei høgde no til jul blant anna grunna sal av lokalt pinnekjøt og lokale spesialitetar, fortel kommunikasjonsrådgjevar Silje Verlo Alisøy i Coop Noreg.

– Vi har at sett det har vore vekst heile tida. I 2017 var veksten på kring sju prosent. Sjølv om veksten har flata litt ut dette året er den framleis god, og salet framleis bra.

– Salet av lokalmat veks faktisk meir enn kva daglegvaremarknaden gjer, seier Alisøy.

Populær gåve

Hos dei er lokalt pinnekjøt, syltetøy, saft, lammerull og pølser populære varer. Også gåvepakkar som privatpersonar og bedrifter kjøper inn, er med på å auke i salet i jula.

– Ein har eigentleg det ein treng i dag, då er det ofte hyggjeleg å få lokalmat. Ein kan ete saman – ein får nærast ei oppleving saman med andre ved å kjøpe og få lokalmat, seier Alisøy.

Med ei ganske fersk verksemd, toppa med julesesong, har det vorte lange arbeidsdagar og stor aktivitet hos kaffibrennaren i Sogn.

– No har juleferien senka seg, no blir det nokre rolege dagar framover, seier Russenes.